Walk the Blue Fields

 På ferie er det godt å ha bøker på Kindlen. Sånn for å vere sikker på at eg alltid har ei bok. Så då eg skulle planlegge, sjekka eg om det var noko spennande eg hadde lyst å skaffe meg. Der dukka det opp ei av Claire Keegan. Walk the Blue Fields. Boka kom ut i 2007 og består av 7 noveller. Eg trur ikkje dei er omsett til norsk.

Eg har lese det meste som Keegan har gitt ut og er fascinert over forteljingane hennar. Både overraskinga og det vare i skildringa mellom personane. Ho får fram så mykje i få ord.

I desse forteljingane er vi òg i Irland for det meste. Og folka er stort sett hardt arbeidande fattigfolk som lever sine liv etter beste evne.

Den første novella, The Parting Gift, møter vi ei ung kvinne som skal ut i verda. Vekk frå fattigdomen, overgrep og lukta. Eg tenkte mykje på Lucy Barton, romanfiguren til Elizabeth Strout, då eg las denne. Det var så mykje likt. 

Why is tenderness so much more disabling than injury?

I Walk the Blue Fields møter vi ein prest som har vigsla eit par og er i festen deira. Hans tankar om kjærleik, om det som skjer mellom menneska. Og det å arbeide med si eiga kjærleikssorg. Veldig fin.

I andre noveller møter vi ektefeller som har slutta å kommunisere, eller aldri begynt. Menneske som er gjerrige på seg sjølv, menneske som lever sine eigne sære liv. Menneske som ikkje får til å formidle det dei eigentleg ønsker. Altså menneske ein blir glad i og som ein undrar seg over. 

Eg tilrår. 

------

Tittel: Walk the Blue Fields
Forfattar: Claire keegan
Forlag: faber and faber
År: 2007