Mord, villskap og dyrevern - nobelsk økokrim

 

Nobelprisen i litteratur  2018 gjekk til ein forfattar frå Polen. Olga Tokarczuk. No har eg lese den første boka av henne. Og det blir ikkje den siste. For ei bok! 

Eg begynte på boka i påsken og det viste seg å vere overraskande påskekrim. Her var det ei sprø eldre dame, sære naboar, Tannlegestol på eit jorde, katolske helgenar, William Blake dikt - alt i ei aude bygd langt inni skogane på grensa på Tsjekkia. Og menn døyr. Alle driv med jakt, både lovleg og ulovleg. Er det dyra som tar hemn? Det blir snakka i bygda, ting kjem opp. 

Hovudpersonen er ei eldre kvinne med god peil på astrologi. Ho er engelsklærar og tidlegare bruingeniør. Ho er ein upåliteleg forteljing. Det er realisme og ville historiar.

Han sa stort sett lite. han har utvilsomt Merkur i et taust tegn, i Steinbukken, tror jeg, i konjunksjon, kvadratur, eller kanskje i opposisjon til saturn. Kanskje Merkur i retrograd - da blir man hemmelighetsfull

Janina Duszejko, som ho heiter, lagar eigne namn på folka rundt seg. Namn ho meiner dei er Duglaus, Store Fot, Formannen, Tannlegen, Godt nytt og mange fleire. Ho kjenner seg nærare dyra enn menneske på mange måtar.

Når Store Fot, Lensmannen og fleire døyr, er Janina (eit namn ho hatar) opptatt av å få forklart politiet at dyra hemnar seg og at astrologien fortel om liv og død til den enkelte. For dei verkar ho bare sprø. For dei små elevane er ho ein kjær lærar. Ei som lærer på ein spennande måte. Til irritasjon for ho som vaskar. Det blei rot og tull i hennar klasserom.

Saman med Duglaus og den tidlegare eleven, Dyzio, grublar ho og undersøker på sitt vis. 

Men hvorfor må vi være til nytte? Hvem har delt verden i det som er nyttig og det som er unyttig, og med hvilken rett? har ikke en tistel rett til å leve, eller en Mus som spiser kornet i magasinene, Bier og Droner, ugress og roser. Hvilken fornuft er det som har dristet seg til å bedømme hvem som er god og hvem som er dårlig?

 Fortellinga har eit driv og eg lurer òg på kva dyra kan gjere. Kan dei verkeleg vere mordarar?

Slutten kom litt brått på meg. Eg var ikkje på veg dit, men det kan jo òg vere ei krimoverrasking.

Og tittelen? Frå William Blake. Den britiske poeten frå 1700-talet er med i teksten. På mange måtar.

Når det gjeld språket, har eg ikkje heilt forstått bruken av stor bokstav, eigenamn, på enkelte substantiv. Kanskje eg vil forstå ved andregongslesing?

Eg tilrår! Eit kjekt møte med ein Nobelprisvinnar

----

Tittel: Før plogen din over de dødes knokler
Forfattar: Olga Tokarczuk
Omsett frå polsk : Julia Wiedlocha
Forlag: Gyldendal
År: 2019 (på polsk 2018)