Ida Jessen er dansk forfattar og omsetjar. Ho har våga å fortelje oss om Sigrid Undset. Og det på ein måte som gjorde meg nysgjerrig på Nobelprisvinnaren i litteratur 1928. På nytt.
Eg har lese fleire av bøkene til Undset. Jenny forsvinn aldri frå sinnet. Og kven har ikkje delt Kristin Lavransdatter si forelsking i Erlend?
Tordis Ørjasæter har skrive ein fin biografi, "Menneskenes hjerter". Denne er heilt annleis. Jessen diskuterer omtrent med Undset. Korleis kan du meine dette og hint når livet ditt er fullt av det du ikkje meiner det skal vere?
Boka startar med den unge Sigrid Undset. Ho drøymer om å møte ein ekte mann, ikkje bare mannfolk. Ein med "en liten smule ånd og vidd og ynde i en mands tanker - han måtte gjerne være styg som arvesynden.." (s.33). Bare det var ein der livet ikkje bare var det "daglige brød med 'morro' til" .
Ho møter Anders Svarstad, ein gift mann med tre barn. Han vil ho ha. Og det får ho. Og med det ikkje bare ein mann, men eigne ungar, bonusungar, sømnlause netter, travle dagar. Ho vil greie alt. Ho vil vere den kvinna som steller heime og der det viktigaste er barna. Ho som alt har tatt frå barn ein heim. Svarstad er ikkje den lettaste å leve med og Jessen undrar seg over korleis denne stri og sta kvinna kunne greie alt ho greidde. Og kvifor denne kampen mot kvinnesak? Ho hadde trengt både tid og plass til å skape/skrive.
Mannen er ikkje akkurat den ho inderst inne ønska seg. Ungane er både til glede og sorg, kanskje mest sorg? Jessen får tydeleg fram den sterke viljen til Undset. Mens det stormar rundt henne og ho er så sliten at vi andre ikkje forstår korleis ho står på beina, då greier ho å skape stor litteratur. Fordi ho vil og må.
I bøkene er ho fri frå den moralen ho på mange måtar står for i talar og diskusjonar. Her må personane gjennom livet sitt på godt og vondt. Den svenske Nobelkomiteen syns det var vel mykje stormande kvinnelagnad - "man skulle utan saknad avstå från en hel del intimitet i skildringen". Dei syns det blir vel mykje for ein mann å lese dette. Men til slutt får ho prisen, i 1928.
I desse tider har det vore ein del snakk om å gje vekk sjølve medaljen. Hamsun gav sin til Goebbels i 1943. Undset gjorde noko som var veldig henne. Ho selde den for å få inn pengar til Finlandshjelpen (Vinterkrigen 1929-40).
Dette er ein biografi eg tilrår av heile mitt hjarte. Den er lett å lese. Den viser oss andre sider ved Sigrid Undset og gir meg lyst til å leite fram bøkene på nytt. Korleis kunne dette påståelege, vrange, modige, rause mennesket få til å skrive desse romanane som står der i dag òg?
---
Forfattar: Ida Jessen
Omsett frå dansk av: Hilde Rød-Larsen
År: 2026
Forlag: Bonnier norsk forlag
Boka er lånt på biblioteket