Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2010

Sommar, reising, tenking og litt lesing

Er litt trist første arbeidsdag. Gjorde den til heimekontordag. Det er jo ingen på jobb enno, bare meg og overgangen for både den firbeinte og den tobeinte er enklare med heimekontor :). Rart å begynne å tenkje igjen. Eller rettare sagt: Eg har vel tenkt heile ferien, men å konsentrere tenkinga er kanskje litt meir utfordrande? Ferien gjekk til USA, sjå reisebloggen - Ferdaminne -. Utfordringa i år var å leve sunt i junkfoodens heimland. Har jo vore i USA før og hugsa at det var voldsomt det meste når det galdt mat og kroppar, men når eg hadde gjeve meg ei ekstra utfordring i matvegen blei fokuset sterkare. Den første veka greidde eg det sånn halvveges. Fann spisestader der eg kunne setje litt saman maten, men etterkvart var det bare å prøve å unngå det verste. Sukkerkartellet må vere sterkt! Til og med All-bran (sunn frukostblanding i Noreg) har her sukker i seg. Ellers kunne eg velje vaflar, muffins... Sidan vi ofte var på veg til eller frå ein stad rundt lunsjtider (vi var på b