Eg er midt i eit par andre leseprosjekt, men dei måtte setjast på pause for i postkassa låg Svein F. Hestvaag si ferskaste bok om detektivbestefaren Rudolf Odden. Fem år sidan forrige bok om Hestvaags alter ego. Ka har han rota seg opp i denne gongen? Vi hamnar fort inn i dyrevern- og miljødebatten. Her står grupper mot kvarandre. Pelsbønder og miljøaktivistar. Kven skal politikarane støtte? Ein politikar blir slått ned, ein annan påkjørt. Ordføraren skal gifte seg med ein oljeriking. Mink er på rømmen. Og alt ser ut til å bli oppklart lenge før boka er halvvegs avgarde. Men så får historia ei ny dreiing. Det var ikkje så enkelt likevel. Det ligg noko anna bak. Odden vil vidare og det blir farlegare. Som alltid hamnar Odden borti ei kvinne som han lar seg sjarmere av. Denne gongen er det avisredaktøren i lokalavisa. Saman med henne og bandkompisen prøver han å finne svar på spørsmåla som dukkar opp undervegs. Barnebarna, Selma og Salve, dukkar stadig opp og har sitt sidebli
Tankar om bøker eg møter langs vegen