Lik dynka i vin frå Gaillac. Krim for vinelskarar?

Her blir ein verdskjent vinskribent funnen drept og lagra i vin. Vi får med oss fermentering, druehausting, ståltankar og tretankar. Vin med fylde. Fruktig vin. Vin med snerp. Vin eg opppdaga at polet hadde på bestilling til mange tusen.
Kvifor ville nokon ta livet av vinskribenten på denne måten? Og var det han hadde skrive farleg for vinprodusentane?

Men kva skjedde med Gil Petty? Den tidlegare kriminaletterforskaren, no biologiprofessoren Enzo Macleod, har inngått eit veddemål om å løyse fleire krimgåter (cold case) og no er det saka om vinkjennaren Petty. Denne gongen får han politiet med på laget, men vel sine eigne metodar. I bok 1 måtte han jobbe med politiet som motpart.

Enzo drar til Gaillac og oppdagar fort at det er fleire som ikkje har lyst til at han skal rote i denne saka. Det er fleire som har grunnar for å ville bli kvitt Petty. Særleg vinbønder som er redd for kvaliteten. Alle visste at gav han vinen høg karakter så steig prisen og låg karakter kunne føre til konkurs.

Etter kvart blir Enzo trua på livet. Eller er det bare han som innbillar seg det?
Nicole, studenten og medhjelparen, går sine eigne vegar denne gongen. Av og til undrar eg meg kor lett Enzo lar seg styre av sex og ikkje fornuften. Skildringane av kvinnene blir litt stereotype, men det er visst godt nok for mannen med hestehalen.
Mannen er meir vaken for å bli betre kjent med jordsmonn, vintypar og vintesting. Ikkje det at han forstår poenget med å spytte ut god vin, akkurat.
Ein krim for vinelskarar?

Dette er andre boka om Enzo. Eg trengte litt tid før eg greidde å riste av meg dei fantastiske bøkene frå Hebridane (Lewistriologien) og bli kjent med Enzo og Frankrike. Men bok nummer ein var såpass interessant at eg måtte laste ned bok nr 2 til Kindlen. No er bok nr 3 lasta ned. Eg er altså hekta. Har blitt glad i Enzo, Nicole, Sophie og Bertrand og vil vite meir.

Det er bare bok nummer 1, Ualminnelige mennesker, som er på norsk førebels.
--
Vinar frå Gaillac. for dei som er interessert å vite meir om området.

..
Forfattar: Petter May
Tittel: The Catch
Forlag: Quercus
År: 2007 (great Britain 2013)
Enzofilene (nr 2)
ebok

Kommentarer