Strålande krim frå Hebridane

På facebook er det ei gruppe som heiter Eseløret. Den er for alle med leselyst, ønskje om å fortelje om bøker dei har lese eller bare få tips til nye bøker.

For ei stund sidan skreiv ein av gruppemedlemma ei meir eller mindre ekstatisk hyllest av boka "Svarthuset" av Peter May. Ei stund etter kom ny glødande oppdatering av bok nummer 2. Det er ikkje første gongen eg har valt å lese bøker etter bokmeldingar han har skrive. Og kvar gong har det vore innertier, så no var eg freista til å prøve meg på krim sjølv om eg har kjent meg ferdig med den sjangeren. For å konkludere med ein gong: Eg har ikkje angra eit lesesekund på at eg lot meg freiste.

Peter May (f-1951) er skotsk forfattar frå Glasgow. No bur han i Frankrike.



Boka startar med at Fin Macleod og kona Mona er i sorg etter å ha mista sonen sin i ei trafikkulukke.
Macleod greier ikkje å arbeide, men heller ikkje å snakke om det som skjedde. Sjefen sender han til Ytre Hebridane og Isle of Lewis. Øya han kom frå og som han så fort han kunne, hadde reist i frå. Det hadde skjedd eit mord der og fleire detaljar kunne peike mot eit mord han hadde arbeidd med som kriminalbetjent i Edingburgh.
Det er 17 år sidan han har vore på øya og etterforskinga blir ei reise bakover i tid. Til gode minner og kanskje mest vonde minner.
"Jeg har hørt folk født på femtitallet beskrive barndommen i avskygninger av brunt, som en verden av jordfarger. Jeg vokste opp på seksti- og syttitallet, og min barndom var lilla."

Fin Macleod blir foreldrelaus i ung alder og må bu hjå ei tante som ikkje er særleg interessert i å ha eit barn i huset. Det er lite kjærleik og omsorg ho har å tilby.
"Det er merkelig hvordan folk kan bli værende i en tidsepoke. Det er en tid i livet som definerer dem, og som de holder fast ved i alle de følgende tiårene, selv om verden er så endret at den knapt nok er gjenkjennelig. Tante ble fanget av sekstiårene. Teakmøbler, lilla tepper, oransje maling, The Beatles."


Det er vêr på Hebridane. Vind, regn, kulde og ei kjensle av at somrane forsvinn utan varmen dei lengtar etter. Her er det få tre, mykje himmel og eit hav som både gir og tar. Overalt er det gudshus og ein streng kristendom. Det var få ting ein snakka om. Ein beit tennene saman og fortsette. Anten ein tilhøyrde dei truande eller dei andre. På skolen måtte dei snakke engelsk, på fritida likte dei best å snakke gælisk.
Vi får ei sterk skildring av den årlege turen til An Sgeir der tolv mann skulle på gugajakt (guga = ung havsule). Blei ein peika ut til å bli med, sa ein ikkje nei same kor lite ein hadde lyst. Dette var manndomsprøven.

På mange måtar er dette ein oppvekstroman. Mordet og jakta på mordaren er spennande, men like spennande er det å lese om vegen tilbake til den barndommen Fin Macleod helst ville vere fri frå.


Eg var klar for bok nummer to med ein gong. Korleis ville livet til Fin Macleod og dei andre eg hadde blitt kjent med utvikle seg? Like spennande det som nye krimgåter.

I "Lewismannen" Er Fin Macleod tilbake på øya. Han er ikkje lenger politi og ønskjer å finne tilbake til noko av det han mista i barndommen og ungdommen. Men så blir det funne eit lik i ei av torvmyrene. Liket har ein DNA som knyttar det til faren til Marsaili, barndomskjærasten til Fin. Problemet er at alle har trudd at han var einebarn og ikkje har nær familie. Faren, Tormod Macdonald, er lite til hjelp der han er i ferd med å forsvinne inn i si eiga verd.
Det fascinerande denne gongen er at vi får bli kjent med tankane til Tormod. Tankar han ikkje får til å formidle. Ut kjem ord han ikkje hadde tenkt å seie eller bare rot. Kven kan stole på ein senil dement mann? Bilete og stemningar frå C. Dickens sine bøker dukkar opp i hovudet mitt når Tormod minnes barndommen.

"Presten var en liten mann, et par centimeter kortere enn meg, og nesten helt skallet på toppen av hodet. Men resten av håret hadde han latt vokse langt på den ene siden, og så gredde han det over til den andre siden og brukte olje og brylkrem eller noe sånt for å få det til å holde seg der. Han innbilte seg vel at det skjulte det faktum at han var skallet, men i virkeligheten så det bare dumt ut. Jeg har lært at man aldri kan stole på menn som grer håret sitt på den måten. De mangler rett og slett dømmekraft."
Etter kvart utviklar dette seg òg til ein oppvekstroman, men ikkje bare Fin sin oppvekst og ungdom, men òg Tormod sin. Eg likte denne vinklinga av krimhistoria.Heldigvis hadde eg alt lasta bok nummer 3 ned på Kindlen for eg var ikkje ferdig med Fin og Ytre Hebridane. No var det rett før eg bare måtte reise dit for å sjå landskapet, høyre gælisk og snuse inn stemninga.



"Lewisbrikkene" handlar om sjakkbrikker, både reint fysisk og i måten menneska er blitt brukt som sjakkbrikker i livet.
Fin Macleod har endeleg fått seg jobb og møter igjen den beste barndomskameraten, Whistler. Den smartaste av dei alle, som kunne bli kva som helst, men som reiste tilbake til Isle of Lewis etter vidaregåande. Her lever han på kanten av lova og sloss for å få tilbake foreldreretten til dotter si.


Fin og Whistler oppdagar eit styrta fly som ligg på botnen av innsjøen Loch Nan Learga. Ein innsjø som hadde forsvunne i eit jordfallshol/synkehol. Dei forstår fort at det er flyet til den sakna ungdomskompisen Roddy. Inni er det eit lik, så då er jo den forsvinninga oppklart. Men det viser seg å vere løyndomar som byrjar krype fram. Gamle vener kjem til gravferda og Fin blir konfrontert med ungdomstida si på nytt. Midt i alt dette prøver han å finne tilbake til Marsaili og kjenslene frå den siste sommaren før han drog frå øya.

I dei to første bøkene blei vi òg kjent med ein annan barndomskamerat av Fin. Han er prest i ei av dei lokale kyrkjene. Då presten i eit forsøk på å redde liv, bryt eit av boda, blir livet som prest svært vanskeleg. Vi får i denne tredje boka bli meir kjent med all fordømminga som går frå kyrkjebenkane til langt ut i havgapet.

Boka tar ei overraskande vending og er spennande til siste slutt.


Kan verkeleg Peter May meine at dette var den siste om Fin Macleod? Eg vil vite meir om han, om Marsaili, Fionnlagh og alle dei andre eg er blitt nysgjerrig på.


Lewisbrikkene er reelle brikker som blei funne på Lewis på 1800-talet. I dag finn du dei på britisk museum. Ein trur dei er laga i Trondheim ein gong på 1100-talet. Alle dei menneskeforma figurane lyser det angst av, men det er tre tårnbrikker som er framstilt med ville blikk og bitande i skjolda sine som om dei var berserkar i slagvillskap.








Kommentarer