Festen for Marias smerter - uro og lengsel

 

Det var litt av ein tittel. Tenkte eg og stoppa opp ved boka. Forfattaren var heilt ukjent for meg. Viktoria Lindberg. Men det var altså noko med tittelen og vaskeseddelen:

En kvinne lyver for å gå i begravelser til fremmede. En jente tror hun ble kidnappet under militærdiktaturet i Argentina. En sønn har gått fra å være en bred og muskuløs ung mann, til å ligne en gutt. Og en mann setter seg fore å spise opp all maten som er igjen etter sin avdøde mor.

 Passe sprø folk altså. 

Første novelle er inne på kvifor Maria blir viktig. Ho som stod der i skuggen av mennene. Jesus og alle dei mennene som etter kvart har fått fylle religionen med seg og sitt. 

Vår frue av medlidenheten. Greier du å bere andre si sorg? Er det enklare med det som er litt meir på avstand? Men kva med meg som treng at andre er der og støttar meg i sorga mi? I kvardagen min?

Hovudpersonane i alle novellene slit med sorg, slit med det å høyre til og overleving. For korleis skal eg greie å leve etterpå, når sjukdommen sendte meg mot døden? Eg bad til ein gud eg ikkje trudde på ,om at eg måtte få leve. Det ønske blei oppfylt, men vil det forsvinne om eg ønsker meg noko anna? At ungane skal greie seg? Kan dei settast opp mot kvarandre? Vil eg miste livet om eg ikkje set det øvst?

Vår frue av ensomheten er der òg. Denne skildringa av einsemda gjer faktisk vondt. 

Her var åtte noveller som kvar for seg fekk meg til å puste litt ekstra. Til å kjenne på einsemd, på utanforskap, på kor skjørt livet er. Kor aleine mennesket kjenner seg. Det er ei sorg. Greier vi å opne opp? For livet og kvarandre på det sprøaste og såraste?

--

Eg tilrår.

--

Tittel: Festen for Marias smerter
Forfattar: Viktoria Lindberg
Språk: norsk - bokmål
Forlag: Gyldendal
År: 2023