Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2019

Rosestiklingar og menneskestiklingen

Audur A. Olafsdottir fekk Nordisk litteraturpris for boka Arr . Den har eg lese og fryda meg stort over. Les gjerne blogginnlegget om boka. Eg begynte på Stiklingen med høge forventningar. Og blei bittelitt skuffa. Heilt til eg såg at det var fleire år mellom desse bøkene og at Stiklingen er frå 2007. Hadde eg lese denne først, ja då hadde eg jubla. Det er bare det at Arr og hovudpersonen Jonas hadde fått ein ekstra plass i hjarta. Stiklingen heiter Afleggjarinn på islandsk. Det hadde vore like godt på norsk. Men no gløymer eg Jonas i Arr og blir kjent med Lobbi som elskar roser og drivhuset til mora. Han tar med seg tre sjeldne rosestiklingar frå hagen og reiser til eit søreuropeisk kloster. Her har han lese at dei har ein fantastisk rosehage. Det viser seg at hagen er ein skugge av seg sjølv, men Lobbi ser rosene og har grønne fingrar så sakte skjer det under i hagen og  munkane løfter blikket frå bøkene. I tillegg til han som finn det meste av vegleiing i livet i gamle fil

Brødrene Karamasov - eit leseprosjekt

Lesegruppa vår les bøker som ikkje er så lett tilgjengelege frå godstolen heime, men som kan bli det når vi er saman om boka. Litt på den måten som NRK P2 Salongen no er i gang med om akkurat dei same bøkene. Viss du ikkje alt er i gang:  Les og storkos deg saman med podkasten "Familien Karamasov". Vår måte å gjer det på, er å ha leseoppdrag (ikkje for lange) mellom kvar samling og så samtale om det vi har lese når vi samlast ca 1 gong pr månad. MEN det viktigaste er at etter vi har oppsummert og samtalt så les vi HØGT for kvarandre frå boka. Det er altså ei blanding mellom heimelekse og felles høgtlesing vidare i boka. No har vi stønna over hysteriske kvinner, kranglefantar, drukkenboltar, hykleri...    Vi har møtt storinkvisitoren og grubla over ka ansvar mennesket har når det har full fridom. Dette har eg skrive om i eit tidlegare blogginnlegg. Storinkvisitoren. Kva skal mennesket med fridom ?  Ivan har sloss med djevelen. Det i seg sjølv er ganske fascinerande for