Dei gløymte orda i ordboka

 

Vesle Esme sit under skrivebordet i Skriptoriet. Det er 1887 i Oxford held dei på med å lage den første utgåva av Oxford English Dictionary. Kvar dag kjem det inn brev med ord og tekst der ordet var i bruk. Folk i heile landet er engasjerte. Ordet skal helst vere brukt i skriftleg form, dvs i bøker, artiklar og liknande for at dei skal bli godkjent. Orda blir samla, kontrollerte, og det blir bestemt om ordet skal med. Det sit fleire menn som arbeider for dr. Murray med dette viktige oppdraget. Eit arbeid som startar i1879 og er ferdig i 1928. 

Det er med ordene noe kan gjenoppstå

Vi følger utviklinga av ordbøkene via Esme. Ho samlar opp ord som fell ned på golvet, ja det hender ho stel ord òg. Etter kvart som ho bli vaksen, blir ho merksam på ord som arbeidande kvinner bruker, på fattigfolk sine uttrykk. Kvifor er ikkje dei med i ordbøkene? Kva gjer det med deg at orda dine ikkje tel like mykje som andre ord? Kvifor er det akademiske menn som bestemmer over kva orda betyr? Ho begynner å samle inn ord til si eiga, hemmelege bok: "Boken for glemte ord"

GÅEN: "Jeg er opp før morgengry så alle i dette store huset kan stå opp til et varmt hus og maten klar, og jeg legger meg ikke igjen før dem snorker. Jeg er helt gåen halve dagen, som en utslitt hest. Duger ikke til noe." - Lizzie Lester, 1902

Interessa for ord får fører henne ut i den verkelege verda. Der livet ikkje bare er middelklassetrygt. Ho får erfaringar på både godt og vondt. 

Faen stod ikke i F og G

--

"Denne boken begynte med to enkle spørsmål: Har ord forskjellig betydning for menn og kvinner? Og er det i så fall mulig at vi har mistet noe underveis i definisjonsprosessen?" skriv forfattaren i etterordet. Ho har tatt utgangspunkt i faktiske hendingar og dikta Esme inn i dei.

Det har vore ei sann glede å bli med Esme på denne reisa. Vite meir om korleis orda hamna i ordboka og tankar rundt kva ord som ikkje kjem med. Boka er skriven som ein roman og er Pip Williams si første bok. Og for ein debut! 

Er du glad i å lese på engelsk, så ville eg halde meg til den og unngått omsetjinga. Å omsette ei bok som handlar om ord og korleis dei kom til, er ei utfordring. Eg syns omsetjaren, Hilde Stubhaug, har greidd seg godt der ho har leita etter norske ord som passar inn i alfabetet. I tillegg til å lese boka på norsk, lytta eg til deler på svensk. Der har dei tatt andre val når det gjeld ord dei vil bruke. For språkinteresserte gir det òg ekstra hjernearbeid.

Eg tilrår!

----

Tittel: Boken for glemte ord (The Dictionary of Lost Words)
Forfattar: Pip Williams
Omsett frå engelsk av: Hilde Stubhaug
År: 2023 (engelsk 2020)

Kommentarer