Kan det bli for mykje Olive i livet? Jack, Olive sin andre ektefelle, lurer litt på det, men konkluderer med at han treng ei Olive i livet. Men Olive er ei du lett både kan stikke deg på, få sår av, men òg bli synleg saman med. No er ho blitt gamal og har sitt å stri med. I romjula 2018 kom eg tilfeldig over både forfattaren Elizabeth Strout og boka Olive Kitteridge. Mattelæraren som slit med dei sosiale kodene. Les gjerne kommentaren til den første boka: Olive Kitteridge - ein heil landsby . Eg blei glad i Olive. Og eg blei frustrert over Olive. Ho gjorde så mykje dumt, når ho eigentleg meinte det godt. Det var så lite filter i henne, og ho var ikkje akkurat ei som prøvde å gjere folk til lags. Ho ville bare vere sann og hadde sitt syn på det meste. Eg hadde ikkje lyst å slutte med Olive då siste side dukka opp. Forfattaren var tydlegvis ikkje ferdig med henne, ho heller. Så i slutten av 2019 kom "Olive, again". Boka startar kort tid etter at den andre slutta. Olive er
Tankar om bøker eg møter langs vegen