Januar - å lytte eller lese?

Januar var reise, jobbe, reise, jobbe.... Eg bestemte meg for å prøve Storytel sidan det blei lange flyturar, venting og kanskje problem med å sovne om kvelden etter travle dagar.

Det blei ei litt overraskande oppleving. Det starta med Tore Renberg som sjølv leste boka si VI SES I MORGEN. Renberg les godt. Eg koser meg. Flyturen går fort og eg sovnar om kvelden med smil om munnen. Men når eg no skal tenke på boka, hugsar eg lite namn, mest bare stemning og sidan eg er kjent i området dette foregår ser eg for meg både skogen, Gosen og blokkene. Eg likte boka, men er usikker på om eg kjem til å lese dei som følgjer etter.


Den neste eg skulle lytte til var Ken Follett: STORMENS TID del 1. Det er Nils Ole Oftebro som les. No sakna eg ei bok. Det var kjekt nok å høyre, men det blei så mange detaljar som eg måtte lytte meg gjennom og som eg nok hadde juksa litt med i ei bok. Eg tok meg i å tenkje på andre ting, blei opptatt av noko eg såg rundt meg. Men eg sovna fort av lesinga, både på fly og i senga. Det skal Oftebro og Follett ha. Har ein mistanke om at eg hadde likt denne veldig godt som bok eg kunne stoppe opp, tenke, lese, skumme...

Den siste av lydbøkene var Olav Vesaas som las si eiga bok om faren Tarjei Vesaas. Den likte eg! Til og med så godt at eg blei heilt fortvila over at eg ikkje kunne sette strek i margen eller notere ned gode sita. Det endte opp med at eg kjøpte boka. Altså kjem eg til å lese den ein gong til og skrive om den.

Utover desse har eg lytta til ein Storytelpodkast om Edvard Hoem og ein om Jon Fosse. Begge heilt ok.

Konklusjonen er nok at eg ikkje er heilt klar for lyttebøker akkurat no. Utvalet mangla dei bøkene eg hadde lyst på. Men smaken min er kanskje litt sær så det kan hende det seier lite om Storytel. I tillegg liker eg nok å ha teksten i handa.




Kommentarer

  1. Veldig kjekt å lese om ditt møte med lydboksegmentet. Det er som du sier stor forskjell hvor vellykket lytting blir i forhold til lesing, mye funker mens med noen bøker greier ikke å holde på oppmerksomheten, og vips så er tankene flydd av sted. Jeg har funnet ut at spennende krim fungerer bra for meg, har prestert å gå av veien fordi jeg var så inni det, og svare bryskt til noen som prøvde å få kontakt. Sånt er jo ikke greit, men til å le av etterpå, for jeg visste jo at jeg var borte vekk i boken.

    SvarSlett
  2. Lydbøker er veldig individuelt. Det må stemme med innleser og sjanger, og etterkvart finner ein ut kva som fungerer og ikkje. For meg fungerer ikkje 1800-tals bøker før ved andre gongs lesing. Første gong må eg ha dei i papirform for å kunne gå tilbake og gjerne notere.

    SvarSlett
  3. Einig med deg Tine om at krim fungerer godt. Eg elska jo både laurdagsbarnetimen og radioteateret, men der var det som regel alltid fleire rollar å følge med på.

    SvarSlett
  4. Hører hva du sier. Selv om jeg er en lydbokjunkie og har vært limt til storytel siden de startet opp. Likevel er jeg enig i at ikke alle bøker passer, ikke alle inn/opplesere er like gode, og, sukk, mye faller mellom linjene. Navn og detaljer og det er ikke alltid boka gir like sterkt inntrykk. Hender rett som det er at jeg skifter format underveis.

    Tore Renberg er en forfatter jeg KUN hører på lyd. Selv på papir hører jeg stemmen hans og da kan jeg likså gå for lydbok. Synes han leser glimrende og jeg mister en viktig del av opplevelsen uten hans lesing.

    SvarSlett
  5. Er einig i at Renberg er veldig god opplesar. Han levandegjer teksten. Og det at det foregår på eit dialektprega bokmål hjelper òg på å levandegjere personane.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om