Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2020

Pesten av Camus

  I 1947 kom Albert Camus med boka Pesten. Den skildrar ein algerisk by, Oran, som blir isolert fordi det er pest i byen.  Det heile startar med at det døyr rotter i mengder og så byrjar menneska å bli sjuke. Feber, byller, pusteproblem osb. Hovudpersonane er legen Rieux, Grand byråkraten som leitar etter dei rette orda, den framande Tarrou, journalisten Rambert og Cottard, mannen som har ei lyssky fortid. Kva skjer med menneske som blir isolert frå andre og får bare vere i byen? Det kjem ikkje tog eller båtar inn. Det er vakt rundt byportane. Og blir ein i familien sjuk, hamnar du i tillegg i karantene og kan ikkje gå ut blant folk. Rundt deg døyr menneska som fluer. Legane kjemper for harde livet, men det manglar vaksine og det dei bestiller utanfrå, kjem ikkje når dei treng det, Nokre menneske blømer i dette intense livet, andre blir deprimerte. Nokre trur det må vere ei straff frå Gud, andre at det er slik livet kan vere. Nokre gjer ein innsats for å kjempe i mot spredningen, andre