William Shakespeare er ikkje utgått på dato. Han er like aktuell i dag som på 1600-talet. Menneskesinnet styrer med det same. Og få har vel gitt oss slike bilete av mennesket som han?
I felt rather lonely this morning so i went and unbox'd a Shakespeare - "There's my Comfort" (John Keats)
I fjor las eg "Å leve med Shakespeare" av Inger Merete Hobbelstad. Boka inspirerte til å finne fram skodespela og lese meir Shakespeare. Og lesinga førte meg òg vidare til Jonathan Bate. Altså blei eg "Mad About Shakespeare" i jula.
Forfattaren fører oss gjennom skodespela via fortellingar om seg sjølv, om Shakespeare og om tida. Han viser korleis Shakespeare bruker tekstar han kjenner til. Mellom anna er Ovid ein av dei forfattarane Shakespeare set høgt og som han tar mytiske fortellingar frå.
Han viser til korleis Ibsen står på skuldrene til Shakespeare og særleg Virginia Wolf sine tekstar går han inn i.
From this I reach what I might call a philosophy; at any rate it is a constant idea of mine; that behind the cotton wool is hidden a pattern; that we - I mean all human beings - are connected with this; that the whole world is a work of art; that we are parts of the work of art. Hamlet or a Beethoven quartet is the truth about this vast mass that we call the world. But there is no Shakespeare, there is no Beethoven ... we are the words; we are the music; we are the thing itself.
Eg tilrår
---
Tittel: Mad About Shakespeare. Five Lessons from the Bard
Forfattar: Jonathan Bate
Språk: engelsk (britisk)
År: 2022 (paperback 2023)
Forlag: William Collins
Forfattar: Jonathan Bate
Språk: engelsk (britisk)
År: 2022 (paperback 2023)
Forlag: William Collins
