Å leve med Shakespeare - essay som gir ein lyst til akkurat det.

I ein samtale dukka denne boka opp og den verka såpass interessant at eg lasta boka ned på Kindlen min. Og starta lese.

Inger Merete Hobbelstad fekk meg fort engasjert i boka Å leve med Shakespeare.

I forordet skriv forfattaren at verka til Shakespeare kjennes meir relevante enn det meste som er skapt i samtida vår. "Kompleksiteten, dirringen, bevegeligheten og uoversiktligheten i Shakespeares skikkelser treffer en menneskelig nerve som er uavhengig av tidspunktet litteraturen ble skrevet på og når den blir lest. Formen, renessansens dramatikk og sjangerforventningene som fulgte med, vil være fremmed for mange, en terskel som må tråkkes over. Tematikken er derimot alltid like frisk."

Det første essayet var om Romeo og Julie. Forfattaren startar med ei personleg fortelling, går så til Shakespeare sitt skodespel. Ser korleis det har blitt tolka opp gjennom hundreåra. Kjenner igjen tema i nyare diktning. Vi får fakta om stykket. Går gjennom symbol og kva dei kan bety.

Neste er Macbeth. Vi går gjennom sjølve historia, men ho går bak fortellinga. Kven er desse mennene? Kva har dei felles? Korleis kan dei gå så langt at dei til slutt vassar i blod? Vi får innblikk i filmar og TV-seriar som viser det same. Det er verkeleg til ettertanke.

Så over i kontrasten: Stor ståhei for ingenting. Vi er mange som har fryda oss over Kenneth Branagh og Emma Thompsons fantastiske film over stykket. Kva er kjærleik? Kan ein elske med heile seg?  Eller sårar vi for å sikre at vi ikkje blir såra først? Leitar menn etter den urørte uskuldige og kvinna den sterke?  

Og Hamlet - "den litterære skikkelsen som ligner mest på et virkelig menneske. Han er den første og, for mange, fremdeles uovertrufne skildringen av moderne selvbevissthet."

Ingen forstår Hamlet, fordi ingen forstår seg selv. Alle er for mangfoldige for sin egen forstand.

Etter kvart innser eg det som ikkje vises i ein kindle, at boka er på nærare 600 sider. Eg treng skodespela. Eg treng å stoppe opp og lese sjølvaste Shakespeare. Eg greier ikkje å lese like intenst kvart stykke ho skriv om. Det er for interessant, faktisk. Når Knausgård, Wolf, Camus, Wilde, Obama, Clinton, Undset, Strindberg og mange fleire dukkar opp i teksttolkinga, er det bare å gje seg over. Denne boka og skodespela må bli eit nytt leseprosjekt.

Stykka som boka tek for seg er:

  • Romeo og Jullie
  • Macbeth
  • Stor ståhei for ingenting
  • Othello
  • As you like it
  • Coriolanus
  • Richard II
  • En midtsommernatts drøm
  • Hamlet
  • Kong Lear
Er det forresten ikkje på tide at det kjem ei ny omsetting av Shakespeare på norsk? 

Eg tilrår og tenkjer at eg nok må ha denne boka i papirformat òg.

---
Tittel: Å leve med Shakespeare. (essay)
Forfattar: Inger Merete Hobbelstad
År: 2016
Forlag: Tiden norsk forlag
Sider: ca 600