Kva gjev livet meining? Å lukkast? Å bli rik? Å møte den store kjærleiken? Eg lytta til Thomas Hylland Eriksen si bok - Syv meninger med livet - tidlegare i vinter, men kjente at eg trengte å lese boka saman med ein blyant. Her var det så mykje eg måtte reflektere over. Var eg einig? Forstod eg poenget? Altså måtte eg eige boka og finne fram blyanten.
Relasjoner. Knapphet. Drømmer. Langsom tid. Øyeblikket. Balansekunst. Å gi slipp.
Å vere gjestfri er ein av dei sentrale meiningane i livet nesten overalt i verda - er vi på veg til å miste det? Er vi redde for å hamne i "gjeld" til andre. Er gjenyting vanskeleg? Kvifor det? Det er usynlege trådar som bind oss saman med kvarandre. Kor sterke dei trådane blir, avhenger av oss.
Har vi alt, så lengtar vi ikkje. Knapphet bidrar til retning og fokus. Og gir motstand. Du må strekke deg, skjerpe deg og innsjå at det er noko som er vanskeleg, men viktig å få til.
Før levde folk kortare, men tenkte generasjonar framover (begynte på ein katedral som det tok generasjonar for å få ferdig, jobba hardt for at ungane skulle få det betre osb..). No er det fare for at vi lever lenger, men tenker kortare.
Dette var nokre få glimt inn i boka. Det er så mykje meir. Så mange plassar eg måtte markere og notere stikkord. Så mykje eg vil samtale om.
Så eg tilrår. Les, diskuter, ta deg langsam tid.
Det eneste som kan gi livet tilstrekkelig næring, er å veksle mellom tidene: øyeblikket, det langsiktige og den abstrakte evigheten. Samtidig er det nødvendig å veksle mellom stedene: ditt hemmelige lille private rom bak butikken, dem du kjenner og bryr deg om, og alle som noen gang har levd og som noen gang kommer til å leve.
-----
Tittel: Syv meninger med livet
Forfattar: Thomas Hylland Eriksen
Forlag: Kagge forlag
År: 2022 - 4.opplag 2023
Forfattar: Thomas Hylland Eriksen
Forlag: Kagge forlag
År: 2022 - 4.opplag 2023