Årene - var det dette vi ønska oss?

 Annie Ernaux fekk Nobelprisen i litteratur i 2022. Ho skriv tett opp til det sjølvbiografiske. Men i det blir det òg veldig gjenkjennande og nært for oss som lesarar. Vi må forholde oss til livet slik det er. 

Eg har tidlegare lese Far (La place) frå 1983,  En kvinne (Une Femme) frå 1988, En lidenskap (Passion simple) frå 1992 Den unge mannen (Le jeune homme) frå 2022. Bøkene hennar greier eg ikkje å vere likegyldig til, og har hatt ulike reaksjonar på dei.

Årene startar med fleire sitat. Det av Anton Tsjekhov seier mykje om kva boka handlar om:
- Ja vi blir glemt. Livet er nå engang slik, det er ikke noe å gjøre ved det. Alt vi synes er viktig og betydningsfullt, det vil bli glemt. Eller, etter en stund, så synes vi ikke at det er så viktig lenger. Det er underlig å tenke på at vi ikke vet hva som i fremtiden vil bli regnet for viktig og betydningsfullt, eller smått og latterlig. (...) Og vår tilværelse, alt dette som vi er så opptatt av, vil kanskje i fremtiden bli betraktet som et underlig, dumt og urent liv, kanskje til og med syndig.

 Hovudpersonen ser på bilete frå dei første åra etter krigen (Ernaux er fødd i 1940). Ser på jenta. Hugsar glimt av samtalar rundt middagsbord. Dei vaksne som har krigen som felles emne. Dei unge som byrjar bli lei av minna om den. Ho veks. Ser på bilete av ungjenta. Kva tenkte ho? Kva opptok henne? Kva skjedde i verda rundt henne? Ho blir vaksen. Blir mor. Skilt. Gamal. Gjennom desse glimta får vi bli med på undringa, det ho hugsar, det som verkar framandt. Ho prøver å gjenfinne verda og erindringa om dagane som har vore.

Korleis formar bileta vi ber med oss, historia? Kva skjer med tinga som ingen lenger ser? Og kva med verda - finst den uavhengig av vårt medvit om den?

Overfloden av ting gjorde det vanskelig å se at det var knapphet på nye tanker, at folks tro var tynnslitt

Vi blir rikare og opplever kortvarig lukke når vi kjøper noko vi der og då vil ha, men er dette alt? Var det det vi ville? 

Stadig gjekk tankane til mine eigne minne og mine eigne bilete. Eg har meir enn ein gong prøvd å finne jenta som er meg. Kva tenkte eg? Kva var viktig for meg akkurat då? 

Dette er ei viktig bok for alle oss som aldri blir ferdig med å grave i kven, kva, kvifor om livet og meininga.  Ei veldig god bok er det òg.

Eg tilrår!

---

Tittel: Årene
Forfattar: Annie Ernaux
Omsett frå fransk av Henninge Margrethe Solberg, MNO
Forlag: Gyldendal
År: 2020