Mor og far. Og ei klassereise


 Annie Ernaux blir rekna for ei av dei største samtidsforfattarane i Frankrike. For meg var ho bare eit namn eg hadde høyrt i det fjerne. Fram til no.

Far/ En kvinne er to bøker. Den eine kom på fransk (La place/ Far) i 1983 og var det store gjennombrotet for henne. Une Femme/En kvinne kom i 1988. Den siste er om mor.

Annie Ernaux kjem frå arbeidarklassemiljø i Normandie. Ho er fødd i 1940 og er utdanna lærar. 

Så var det bøkene. Ernaux skriv ikkje ein typisk roman. Det er både intimt og på avstand. på same tid. Det er samstundes òg om ei klassereise.

FAR.
På norsk kom boka ut førte gong i 1985. Den utgåva eg las er frå 2021. Det er ei lita bok på ca 65 sider. Vi får glimt av ein mann som prøver å arbeide seg opp frå fattigdom. Han er ein uutdanna, hardtarbeidande mann som har eit sterkt ønske om å gje dottera ei utdanning og eit betre liv. I korte skisseaktige glimt av faren kjenner vi på det såre ved å ikkje strekke til. Å vere den underlegne samstundes som han er stolt av å vere den han er. I Frankrike er det eit stort skille mellom arbeidarspråket og borgarstanden sitt. Dei røper seg fort ved å bruke feil ord.
Barnet har det kjekt saman med far då ho veks opp, men skolegangen og det ho opplever der skapar ei kløft til faren. Snart har dei ingenting å seie til kvarandre. Faren var stolt når han greidde å pakke bort kjenslene. Når dottera skal reise: " Ja da, vi sees nok en annen gang". 
 I ukjente personer jeg har truffet hvor som helst, uvitende bærere av tegn på styrke og ydmykelse, har jeg funnet igjen den glemte virkeligheten hans.

Faren, og mora, bruker kjefting i staden for varme ord når dei snakkar med kvarandre. Mjuke kjensler skal pakkast inn.

   (På normannisk betyr "ambisjon" sorg over å være adskilt, en hund kan dø av ambisjon)

 

EN KVINNE
Denne vesle boka (i underkant av 60 sider) møter vi forfattaren sitt bilete av mora. Ei sterk kvinne som arbeidde som ein helt for familien. Kjefta. Var forfengeleg. Snakka med dottera om alt. Unntatt det viktigaste. Ei mor ho er knytta til og treng avstand frå. Ei mor ho får sterkt inn på seg dei siste åra mora lever. 
Ernaux skriv skisser. Av og til tenkjer eg at ho har fotografier framfor seg og så dukkar minna opp. Dette er nok dei indre bileta. Glimta frå oppvekst, luktene, fargane, nederlaga og sigrane. Sjølve skriveprosessen får vi òg delta i. 
Dette er ikke en biografi, og selvfølgelig heller ikke en roman, kanskje en mellomting mellom skjønnlitteratur, sosiologi og historie. Mor som er født inn i et undertrykt miljø hun ville ut av, måtte bli historie for at jeg skulle føle meg mindre alene og tilgjort i ordenes og ideenes dominerende verden, som jeg, etter hennes ønske, trådte inn i.

Begge bøkene sette i gang mange tankar hjå meg. Om alt vi ikkje snakkar om. Om dei som har stått på for at vi skal ta neste steg. Kome lengre ein dei. Få det betre. Teksten er fragmentarisk og det er i grunnen godt for det gir både avstand og nærleik.
Jeg gjorde alt for at datteren min skulle bli lykkelig, men så ble hun ikke lykkeligere av det
Denne forfattaren skal eg lese meir av!
--
Tittel: Far/ En kvinne
Forfattar: Annie Ernaux
Originalspråk: fransk
Omsett av: Sissel Lie (Far) og Henninge Margrethe Solberg (En kvinne)
Forlag: Gyldendal
År: 2021

Kommentarer