Menneske og møll

 

Menneske og møll er skriven av debutanten Kristin Tveiten. Temaet er kjent frå mange bøker: Oppgjeret med gamle foreldre. I denne boka oppgjeret med ein gamal far. 

Boka startar med at Marianne, hovudpersonen, blir oppringt av far. Han lurer på om ho vil ha ei gamal kiste. Marianne har ikkje hatt kontakt med far på mange år. Ho og søskena har liten kontakt med han etter at foreldra skilte seg og far fann seg ei ny kone. 

Vi forstår fort at Marianne kjenner seg uvel saman med far. Ho vil ha minst muleg med han å gjere. Det blir jamnleg hinta til at dette har noko med den døde søstra å gjere. Og kanskje med deira eigen barndom.

Ved at ho reiser for å få tak i kista, gjev ho faren veslefingeren og til slutt tar han omtrent heile handa. Det viser seg at far ikkje greier å ta vare på seg sjølv. Søskena tar på seg eit ansvar for å få han til behandling og på sjukeheim. Dei stiller opp for far. Dei klemmer far. Sjølv om det byr dei i mot. Dei skjuler for personalet og for bygda kven far eigentleg er. Eller kanskje heller, dei skjuler for seg sjølv kvifor dei kutta kontakten med far for mange tiår sidan. 

Ektefellen til far blir nesten usynleg i forteljinga. Det at han har ei kone gjer det endå meir uklart for meg kvifor dei vel å stille opp. Dra på sjukehuset med han, handle for han. Kvifor både hatar dei han og gjennomfører dette? Søskena snakkar ikkje direkte om korleis barndommen var. Det blir bare hint. Har dei fortrengt det og difor ikkje greier å ta eit oppgjer?

Eg syns boka dreg ut ei forteljing som kunne blitt veldig bra. Oppgjeret med far, som ligg under, får ikkje ei utløysing.

Elida Stangeland i My first, my last, my everything (blogg) opplevde boka heilt annleis enn eg. Les gjerne hennar bokmelding. Og les du boka, kan du jo sjølv finne ut kva du syns.

---

Tittel: Menneske og møll
Forfattar: Kristin Tveiten
Forlag: Samlaget
År: 2021