22.juli 2011 - og ti år etter

 

22.juli 2011 ble Norge utsatt for to høyreekstreme terrorangrep. En mann ved navn Anders Behring Breivik sprengte en bombe i regjeringskvartalet i Oslo, som tok livet av åtte mennesker og skadet mange flere. Deretter reiste han til Utøya og skjøt og drepte 69 barn, ungdommer og voksne. Mange kom seg fra Utøya med livet i behold, men med fysiske og psykiske skader som vil prege dem så lenge de lever. Terrorangrepet ble utført av en mann som ville ramme Arbeiderpartiet og AUF, fordi han er uenig i politikken deres.

Desse setningane er frå Tonje Brenna si bok, 22.juli - og alle dagene etterpå, og er som ho skriv, objektive, ubestridte faktaopplysningar. Men korleis snakkar vi om denne terroren, retta mot eit parti, eit politisk syn, i åra etter 2011?

I 2011 var Tonje Brenna 23 år og generalsekretær i AUF. I denne boka fortel ho om den dagen som endra alt. Vi er med på flukta og redsla når lyden av skot kjem nærmare og nærmare. Det ufattelege at ein mann, kledd i politiuniform, går rundt og skyt på unge menneske på ein politisk leir. Vi blir sterkt minna om korleis politiet svikta. Alt frå at eit vitne i Oslo hadde ringt inn og meldt frå om ein mann i politiuniform, med våpen like i nærleiken av Regjeringsbygget. Til og med bilnummeret fekk politiet. Skreiv det på ein gul post-it lapp og det var det. I mens kjørte terroristen mot Utøya. Fleire politibilar kunne ha stoppa han. Men dei visste ikkje om den gule lappen. Og politiet som står på landsida. Lenge. Utan å kome seg over. I den tida døyr mange.

Brenna fortel godt om korleis livet er etterpå. Møtet med kommentarfeltet når ho uttalar seg. Møtet med hatet mot AUF og Arbeidarpartiet. Dette hatet eg forstår så lite av, men som tydeleg lever i grumset. Politikarar og journalistar som påstår at dei brukar 22.juli-kortet. Kva tyder det, eigentleg? At dei ikkje skal få uttale seg om det som skjedde for då spelar dei på medkjensle og debatten blir "urettferdig"? 

I 2015 talar statsminister Erna Solberg ved minnestaden i Regjeringsbygget. Ho nemner ikkje AUF og Arbeidarpartiet i minnetalen. I motsetnad til Hareide som i talen sin i domkyrkja same dag, er tydeleg på at målet for terrorhandlinga var å ramme AUF og Arbeidarpartiet.

Brenna skriv ein del om å ta oppgjer med høgreekstremisme og om partia som flørtar med dei gruppene som står for Breivik sine tankar. Hadde terroren blitt snakka om som ei hending og blitt individualisert om Breivik i staden hadde vore ein Muhammad? Passar det ikkje politikarane våre å ta eit oppgjer med dette tankegodset når det er norskfødd?

Ord og handling henger sammen. Ikke alt som blir sagt, fører til handling, men handlinger skjer ikke i et vakuum. De bygger på holdninger. Derfor er ordene vi bruker viktige. Fordi ordene våre viser hvilke holdninger vi har.

Boka er eit viktig innlegg i det som må blir ein større samtale om det som skjedde og om ekstremisme. Vi må lære. 

Du må ikke sitte så trygt i ditt hjem
og si: Det er sørgelig, stakkars dem!
Du må ikke tåle så inderlig vel
den urett som ikke rammer deg selv!
jeg roper med siste pust av min stemme:
Du får ikke lov å gå der og glemme!
    Arnulf Øverland

--

Boka er lett å lese sjølv om innhaldet er sterkt. Eg tilrår!

___

Tittel: 22.juli - og alle dagene etterpå
Forfattar: Tonje Brenna
Forlag: J.M.Stenersens forlag
År: 2021