Visjonen i oss, ikke "virkeligheten", er virkeligheten.

Overskrifta er eit Stein Mehren sitat, men passar godt til Henning Hagerup.


LESEREN En samtale med Henning Hagerup av Alv van der Hagen


“ Jeg ville ikke ha vært det mennesket jeg er, hvis ikke jeg var en leser.”
Første setninga i boka og han hadde meg.

Boka er ein samtale mellom  redaktør og forfattar Alv van der Hagen og essayist, kritikar og omsetjar Henning Hagerup.
Eg må innrømme at eg har lese lite av Henning Hagerup. Det held eg på med å rette opp no. Onkel Klaus og sjølvsagt farmor Inger kjenner eg betre til.
Alle sitat, viss ikkje anna er skrive, er frå boka.
På den eine sida er boka ei varsla tragedie. Og på den andre sida svært interessante samtalar mellom to som har stor respekt for kvarandre.

Vi skal gjennom ein barndom med alkohol, krangling, berømte menneske og eit altfor tidleg ansvar. Dei vaksne kunne mykje, men ikkje ta seg av ungane. Henning er eldst og tar/får ansvar han eigentleg ikkje har skuldre til å bere.

Kanskje rømte han til litteraturen tidleg. Blei bare meir og meir hovud og lite kropp. Han las dei store verka som tenåring. Det var Dante og ikkje jenter som var det store.
På denne tida får han anoreksia. Han meiner det varer ei kort stund,men heile boka ber preg av at dette er ein mann med eit innfløkt forhold til mat. Han får kreft, sjølvsagt i munn/halsområdet.
Alkoholen ligg òg heile tida under i boka. Han såg korleis det gjekk med faren, dramatikaren Helge Hagerup, og er veldig klar på at det ikkje skal gå slik med han. Og i sekundet etterpå fortel han om stort alkoholforbruk og reparering dagen derpå i sitt eige liv. Økonomien er kaotisk.
Men det er den eine sida av boka.

Den andre sida.
Som 15 åring las Henning Hagerup "Den guddommelege komedie" av Dante. Og det gav han sjokk. Her var det ein forfattar som når djupare ned i menneskesinnet enn nokon andre.
Dante opna Hagerup gradvis for det metafysiske. “I Norge har vi hatt en tendens til å vulgalisere det religiøse mysteriet. Vi har gjort det guddommelige om til noe hverdagslig og tidvis grått. Men det inntrykket ble kraftig dementert da jeg leste Dante første gang. Jeg fikk fornemmelse av å skue inn i mysteriet. “

Vi er omtrent like gamle, var studentar i på 80-talet, opptatt av litteratur. Alvorleg opptatt av litteratur. Og altså den romantiske litteraturen frå 1800-talet. No låg han litt føre meg i løypa når det galdt å oppdage denne fantastiske litteraturen. Eg hadde vel runda 22 før Wergeland, Hugo, Blake, Grundtvig med fleire blei ein sterk del av livet. Som student på nordisk språk og ltteratur gjekk eg nok glipp av det vide europeiske blikket som dei fekk på litteraturvitskap.
Kva fenga slik med denne litteraturen? “En romantiker kan ha røttene solid plantet i opplysningsjord, tenk bare på Shelley, Leopardi, Hugo eller Wergeland, og samtidig utforske de menneskelige nattsidene.”

“Jeg hadde tenkt å ta gresk eller filosofi, men jeg kom til å snakke med en sånn satans fornuftsstyrt studieveileder som advarte meg på det skarpeste mot å ta den slags ubrukelige fag. Jeg var en idiot som hørte på henne.” 

Det var/er mykje diskusjon om tolking av litteratur. Skal ein lese romanen utan å tenkje over kven forfattaren var? Dvs la verket stå aleine? Eller gav livet til forfattaren ein nøkkel til tolkinga? Eg hugsar dei som greidde å tolke politikk inn all tekst. Å lese “Haugtussa” med eit politisk blikk var fascinerande, men var det slik Garborg tenkte? Blir boka ein politisk kommentar? Og evt bare det? Blir ikkje det å gjere teksten mindre enn den er? Trollmann med to andlet kan godt vere moderate venstre, men "Stjernefall" (dikt i Haugtussa) er vel så mykje meir enn det. 
Så var det oss litt meir jungianske/arketypisk opptatte. Vi kunne finne djupner overalt. Fargebruken, symbolbruk. Den som leitar han finn.

Hagerup blei opptatt av dekonstruksjon. Tekstane blei tolka og til tider rivne frå kvarandre. Etter kvart blei det meiningslaust å heile tida tolke. Eg har prøvd å lese om dekonstruksjon i leksikon, wikipedia og det han forklarer i boka, men eg forstår svært lite framleis. Fredrik Wandrup gjev si form for forklaring i Dagbladet.  http://www.dagbladet.no/nyheter/mysteriet-derrida/66101820

Slik eg tolkar det Hagerup skriv om kvifor han går bort frå dekonstruksjonen, så opplever han at litteraturen er meir enn språktolking. Tekstar skal tolkast, men med ulike briller. For meg er det noko med at du les med dei brillene du har (di eiga historie, så langt du har kome i kunnskap og visdom) og dei nøklane omgjevnaden gjev deg. Eg går med på at ingen tekst er objektiv og eg vel korleis eg tolkar det som står der. Tydeleg kjem vel det fram når eg finn fram bøker eg las som ung og les dei i dag. Eg ser noko anna. Altså er det bare å kome i gang med "Den guddommelege komedie" igjen.
På mange måtar er eg av same grunn redd for å få for mange nøklar til ein tekst før eg har lese teksten sjølv. Då er bileta ferdige og ein leiter etter det andre fann. Det må vere ei utfordring for ein som lever som kritikar og omsetjar slik som Hagerup.
Det skal denne samtalen mellom desse to kloke menn ha, dei gjev meg små hint som fører rakt inn i eg-må-lese-den-boka. Om att eller for første gang. Dei kviskrar eit par små nøklar og lar resten vere opp til meg.
--
Dag Solstad og gudstru. Hm. Eg trur eg må sjå litt nærmare på “Professor Andersens natt”. Henning Hagerup meiner i tillegg at eg burde lese boka baklengs for verkeleg å sjå alle dei bibelske og kristne motiva i boka.
--

Hagerup har hjarta godt plassert på venstresida. Men han syns venstresida ofte blir for snever når det gjelder kultur. Marx er for viktig til at kommunistane skal få einerett på han. Mellom anna drar han fram Marx tilknytting til jødedomen.
Han skriv om at Marx’ idé om det kommunistiske samfunnet kan sjåast på som eit sekulært speglbilete av profeten Jesaja sin visjon av tusenårsriket i Det gamle testamentet. Det er ikkje vanskeleg å kombinere marxisme med jødedom og kristendom. Det går an å føre saman det religiøse og det politisk radikale. Ideen om eit tusenårsrike både på jordisk og metafysisk plan. Messiansk marxisme.

“Egentlig kan du ikke snakke om virkelighetsfjern litteratur, for den gode litteraturen utvider alltid virkelighetsbegrepet. Gir du all makt til fantasien, får du sagt veldig mye om virkeligheten”
---

“Hvorfor vil du gjerne lære flere språk?
For i det hele tatt å holde hodet i orden. Det har alltid slått meg som underlig at vi oppfordres til all verdens anstrengelser når det gjelder å holde fysikken i orden, men nevner man at det også gjelder å holde hjernen i form, blir man sett på som snobb og elitist.” 
---

Boka sluttar med eit kapittel som har tittelen “Håpet er hellig”. Her er vi tett på den intellektuelle Hagerup og han som trur på noko han ikkje kan vere sikker på. Eit kapittel verd å lese i seg sjølv.
Han fortel om samtalane han dagleg har med Gud. Er ikkje det bøn, spør Alv van der Hagen. Og så får dei ein samtale om bøn.
Samstundes syns han at det har vore vanskeleg å snakke om det religiøse. Før hadde ordet kristen ein negativ klang i dei opplyste kulturradikale, intellektuelle krinsane. Det har endra seg.
Og så blir ein så fort tatt til inntekt for å tilhøyre den eine eller andre gruppa. Han vil ikkje bli utsett for "jublende misforståelser".

"Hvordan forestiller du deg evigheten?
Dans og glede. Ren fryd. Da skal vi ses igjen. Det skal ikke ta slutt.
Det er rart og befriende når noen tør å si det rett ut, at "vi skal ses igjen...."?
Men jeg insisterer på det. Det er naturligvis umulig å forestille seg evigheten som et ubegrenset tidsrom, noe som aldri tar slutt. Det har vi ikke kapasitet til å forstå. Vi må være der for å kunne forstå det. Og det dreier seg jo heller ikke om ubegrenset tid, men om ren opphevelse av tiden. Ikke at tiden fortsetter og fortsetter, men at den ikke finnes. En slags evig nåtid. Evig presens. Da skal vi danse. Kanskje jeg også. Jeg er en elendig danser, men der må jeg vel få det til
(................)
Og håpet er hellig?
Ja, håpet er hellig."

-
Samtalen er innom så mange tema så eg kunne like så godt ha skrive om musikk, kattar, Peer gynt, Frogner-tantene (antroposofane), Vagant, nasjonalisme, flyktningstraum, fortvilinga over Europa, skuldkjensle, fest, den varsla katastrofa, men det har eg altså ikkje gjort. Ja, òg om Donald Duck. Henning Hagerup har i mange år vore omsetjar av Donald Duck. Og han elskar det.


Leseliste til meg sjølv:
  • Dante - sjølvsagt
  • Dag Solstad
  • Thure Erik Lund
  • H Hagerup: Essaysamlingane: Vinternotater og Metafysisk skrapjern
  • J Fosse: gnostiske essay
---
Kaffekjelen
har vinger

Vi beklager
(Tor Åge Bringsværd)




Kommentarer