To søstre


“Jeg​ ​mener​ ​-​ ​mennesket​ ​må​ ​tro,​ ​eller​ ​søke​ ​troen,​ ​ellers​ ​blir​ ​livet​ ​tomt,​ ​tomt…​ ​Leve,​ ​og​ ​ikke
vite​ ​hvorfor​ ​tranene​ ​flyr,​ ​hvorfor​ ​barn​ ​blir​ ​født,​ ​hvorfor​ ​stjernene​ ​lyser​ ​på​ ​himmelen​ ​…​ ​Ikke
vite​ ​hvorfor​ ​en​ ​selv​ ​lever,​ ​eller​ ​om​ ​alt​ ​er​ ​forgjeves?”​ ​(Masja​ ​i​ ​"Tre​ ​søstre"​ ​av​ ​Anton​ ​Tsjekhov,
1901)​ ​-​ ​s​ ​229​ ​i​ ​boka "To søstre"



“To søstre” av Åsne Seierstad.

Medan eg las første del av boka, svinga tankestraumane innom mi eiga ungdomstid frå midten av 70-talet til deler av 80-talet. Å vere ung og leite etter seg sjølv, ønskje om å vere heil og stå for noko inderleg og med heile seg.
Tonje Tornes (dotter til Rune Larsen) var gjest i Sommar i P2 samstundes med at hovudet mitt var fullt av “To søstre”. Ho fortalte om jakta etter å bli ein inderleg kristen. Om andaktane i friminutta på ungdomsskolen. Møtet med ungdom i oppdrag. Søkinga etter tungetalen. Det som etter kvart blir besettande: Å få gud til å tale direkte til deg. Kvifor gjer han det til andre, men ikkje til meg? Ho strever etter å få guds røyst; tungetalen. Det blei etter kvart til sjukleg gudslengsle. Ho blei eit stort tomt hol som Gud nekta å snakke med.


Dette kjente eg igjen. Ønsket om å høyre til, men heile tida kjensla av å vere utanfor. Ikkje tru nok, ikkje føle nok, ikkje vere ein del av dei andre. Annleis. Observatør.
Eg møtte menneske som tok val eg undra meg over. Eg stilte spørsmål, men dei var overbeviste om at dette var det rett å gje pengane sine til/ slutte på studier for/ bli “hushjelp” for.  Dei levde for noko utanfor seg. Og eg misunte dei.
“Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land” av D. Solstad og “Møtet med milepelen” av S Hoel stakk òg innom hjernen undervegs. Dei som gløder og som trør over grenser.


Desse to muslimske jentene. Ayan og Leila. Som er unge. Klar for forelsking, søking etter ka livet eigentleg er. Tida for det inderlege, alvoret.
Jentene søkte noko anna enn det som var det vanlege bilete av norsk ungdom. Dei leita etter det religiøse alvoret. Og dei gjekk inn i det med ungdommen sitt alvor. Etter kvart meir radikalisert. Eller som vi kanskje hadde sagt om det var den alvorlege kristendommen dei hadde valt, dei kjenner dragning mot den konservative kristendommen? Det tunge alvoret?


Dei møter si form for karismatiske miljø, leiarar som krev alvor og ansvar, unge menn som fascinerer med overtydinga si. Opprøret mot det samfunnet dei ikkje ønskjer seg.
Men kva fører dei frå denne jakta på det inderlege, til å bryte opp og ønskje seg søner som skal bli krigarar?
Dei bryt opp i kristne organisasjonar òg for å dra ut for å frelse verda, men dette? Kva er det som gjer det? Eg greier å henge med jentene fram til dei er Raqqa, men vala dei gjer etterpå, slit eg med å følgje.


Så var det dei tankane som spring på eigne vegar. I hylla ligg boka: “Menn som ingen treng” av Frode Grytten. Menn som ikkje kjenner seg som ein del av samfunnet, kan vere farlege. I  alle leire. Blir dei unge gåande unyttige i samfunnet vårt? Gjev vi dei framtidsdraumar? Eller opprørstrang?
Greier vi å sjå enkeltmenneske eller blir det dei og oss?
Eg seier som Åsne Seierstad: Takk til to redde foreldre som vågde å fortelje.

Og til slutt sitat frå boka som ei oppsummering:

Forskere, politikere, ungdomsarbeidere forsøker å finne årsakene til at tenåringer gir opp utdannelse og et liv i fredelige rammer for å søke seg til en terrororganisasjon som IS. Det finnes ikke én forklaring, men flere faktorer, som søken etter identitet, mening, status, tilhørighet, innflytelse, spenning, opprørstrang og romantikk. I jentenes tilfelle har jeg også funnet elementer av en dyp religiøs vekkelse. Forskere snakker om faktorene Push and Pull når det gjelder radikalisering. Noe trekker dem, og noe dytter dem ut.
Som journalist og forfatter er det min oppgave å studere, og sette fingeren på, problematiske sider ved vårt samfunn. Spørsmålet vi må stille oss er: Har dette bare med dem å gjøre, eller har det også med oss å gjøre? Hva er det ved vårt samfunn som gjør at enkelte ungdommer mener seg ydmyket og diskriminert?
Jeg gir ikke noen forklaring, verken på hva som trakk dem, eller hva som dyttet dem ut av Norge. Jeg forteller det jeg har funnet. Så er det opp til leseren å stokke kortene. Hvor startet det? Hva ligger bak? Når kunne de tatt helt andre valg? Hvordan kunne en aspirerende diplomat velge å bli husmor i Raqqa? Hvorfor begynte de å søke livet etter døden og ikke dette livet? (s477)

Kommentarer