Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2020

Eit år med Elena Ferrante

Elena Ferrante er ein forfattar eg les med glede. Denne gongen er det spalter frå "The Guardian" som er blitt til ei bok. I eit år skreiv ho helgespalte i avisa. Det kan vere farleg å samle korte tekstar som var meint for helgelesing i avisa til ei eiga bok. Eg begynte på boka som om eg begynte på ein roman, men fann fort ut at dette er ein liten skatt som eg hadde lyst til å kose meg med. Altså las eg ein eller to spalter, tok ein liten pause og så las eg litt til. Det gjorde at tekstane fekk vekse aleine. Her er det refleksjon rundt venskap. Er det naudsynt med besteveninne? Blir ikkje det gradering av venskap? Hugsar eg det som skjedde i barndommen eller lurer fotoet meg til å tru det? Det skjøre parforholdet. Om å skrive. Einsemda ved å gå frå ein fest. Språkleg nasjonalisme. Dei ufordragelege. Forteljingar om kjønn. Å vere mor. Osb. Mange tema og mange lesegleder! Heile 51! Ekstra nyting er språket til omsetjaren, Kristin Sørsdal Noko er heilt sant: Ein tekst e

Taushet

Vi skulle ingen stad. Vi hadde all verdas tid. Eg skulle lese. Lese mykje i all den fritida eg fekk. Eg las mindre enn vanleg. Eg reagerte på andre måtar enn eg trudde. Det var vanskeleg å konsentrere seg. I den tida begynte eg på "Taushet", den sterke romanen til Shusaku Endo. Det tok tid og gjorde til tider vondt. Vi er i 1660. Ein portugisisk jesuittprest har bestemt seg for å trasse alle åtvaringar og reise til Japan for å vere prest og misjonær for dei kristne der. Japan har stengt grensa for utlendingar. Dei kristne blir forfulgt og torturert på den mest spekulative måte. Men Sebatião Rodrigues er idealist og sterk i trua. Han er den rette til å hjelpe den undertrykte kristne minoriteten. Han kjenner seg mest som ein Jesus på veg for å hjelpe dei trengande. Han greier å kome seg inn i landet og møter dei undertrykte. Med seg på lasset er Judas. Frå å vere den overbeviste, blir han meir og meir tvilande. Kor er Gud i all denne ondskapen? Han ber. Han tryglar. Me