Eit år med Elena Ferrante

Elena Ferrante er ein forfattar eg les med glede. Denne gongen er det spalter frå "The Guardian" som er blitt til ei bok. I eit år skreiv ho helgespalte i avisa.

Det kan vere farleg å samle korte tekstar som var meint for helgelesing i avisa til ei eiga bok. Eg begynte på boka som om eg begynte på ein roman, men fann fort ut at dette er ein liten skatt som eg hadde lyst til å kose meg med. Altså las eg ein eller to spalter, tok ein liten pause og så las eg litt til. Det gjorde at tekstane fekk vekse aleine.
Her er det refleksjon rundt venskap. Er det naudsynt med besteveninne? Blir ikkje det gradering av venskap? Hugsar eg det som skjedde i barndommen eller lurer fotoet meg til å tru det? Det skjøre parforholdet. Om å skrive. Einsemda ved å gå frå ein fest. Språkleg nasjonalisme. Dei ufordragelege. Forteljingar om kjønn. Å vere mor. Osb. Mange tema og mange lesegleder! Heile 51!

Ekstra nyting er språket til omsetjaren, Kristin Sørsdal

Noko er heilt sant: Ein tekst er laga av ord, og jo vakrare utvalet og kombinasjonen av ord er, jo meir forførte blir lesarane. Men samtidig som dei skapar glede, formar orda førestillingar om verda, trenger inn i kroppen vår, breier seg utover, gir skakingar og endringar og formar blikket vårt, kjenslene, endåtil haldningar. (...) Vi forelskar oss i ein tekst også fordi vi kjenner at vi heilt uventa lærer av han. Vi opplever at den levande og rike erfaringa til den som skriv, blir direkte overført til oss.

---
Forfattar: Elena Ferrante
Tittel: Eit år med Elena Ferrante (L'invenzione occasionale)
Omsett av: Kristin Sørsdal (frå italiensk)
Forlag: Samlaget
År: 2020