Det er så mykje som sviv rundt i både hjarta og hjerne i desse dagane. Det er tårer. Det er tankar. det er tomt. Det byrjar å få liv igjen. Drog til byen for å bli med på minnemarkeringa. Trengte folk. Tok ikkje med fotoapparatet, men hadde heldigvis mobilen. Det var sterkt å vere saman med nærmare 80.000. Roser og faklar. Skulle tatt av mengden, men måtte bare vere der akkurat då. Desse tok eg etter toget: Roser kasta ut på Breiavatnet. Breivatnet. Ut på kvelden var det levande lys langs heile vatnet Domkyrkjeplassen kl 22. I dag drog eg ned igjen. Det var ikkje lett å få tak i roser. Men heldigvis begynte dei å få inn litt. Med 3 røde, vandra eg til domkyrkja. Folk stod stille, kviskra. Av og til eit høgt spørsmål frå eit barn. Kloke spørsmål. Eg la ned rosene og fotograferte litt. På veg inn i domkyrkja for å skrive i kondolanseprotokollen, såg eg dette og måtte puste ekstra: "Kjære Marianne. Hvil i fred. Hilsen farmor" Inne i kyrkja blei
Tankar om bøker eg møter langs vegen