Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra 2011

Tre heilt ulike bøker

Eg har reist litt i det siste og då får eg lese litt. Denne gongen er det tre heilt ulike bøker som har vore med på reise. Burning bright av Tracy Chevalier (på norsk: Uskyld) Jupiters Öga av Oline Stig Det glade vanvidd av Elin Ørjasæter På reise likar eg å lese engelsk og Tracy Chevalier plar vere såpass kjekk å lese at engelsken går fort og greit. Men denne boka starta eg på i sommar og blei ikkje hekta. Tidsbileta frå det gamle London er til tider fascinerande, men personane får lite kjøt og blod. William Blake blir aldri den personen eg trudde han skulle bli. Får ikkje kjøt på seg. Trur ho levandegjer eit dikt av Blake, men eg heng altså ikkje heilt med. Boka ligg igjen i Monterosso. Håpar nokon får glede av den. Oline Stig var heilt ukjent for meg. Boka, Jupiters Öga, var ei gåve. Tema: Kva gjorde at farfar blei nazizt under krigen? Kvifor vel vi det vi gjer? Boka er ei blanding av fakta og fiksjon. Skjelettet er farfar og farmor som meldte seg inn i NS i 43. Men p

"Da sendte gudene ham en kvinne"

..sa Jan Erik Vold om kjærleiken Olav H Hauge opplevde på sine gamle dagar. Eg har nett lese boka eller brevene, rettare sagt, BREV 1970-1975 av Olav H Hauge og Bodil Cappelen . Same Vold kallar boka det vakraste kjærleiksdiktet som er skrive. Det startar med at Bodil Cappelen, biletkunstnar, sender eit brev til Olav H Hauge. Ho kjenner han ikkje, men ho kan tenkje seg å vere ven med han. Ho treng eigentleg fleire vener ser ho. Og så fortel ho om seg sjølv. Han svarar. Einstøingen. Høfleg skriv han heile namnet hennar på kvart brev dei første åra. Og fullt namn under. Her er det ikkje tjo og hei og klapp og klem, nei. Sakte knyttar dei trådar mot kvarandre. Det er diskusjon om litteratur og politikk. Eg er imponert over Olav H Hauge. Her sit han i ei bygd i Hardanger. Utdanning: Gartnarskulen. Med eit vidsyn som gjer meg mållaus. Han omsett dikt frå fransk, tysk og engelsk. Kastar seg over kinesisk lyrikk (på engelsk). Diskuterer filosofi, er oppteken av kva som skjer ute i ve

Inntrykk dei siste dagane

Det er så mykje som sviv rundt i både hjarta og hjerne i desse dagane. Det er tårer. Det er tankar. det er tomt. Det byrjar å få liv igjen. Drog til byen for å bli med på minnemarkeringa. Trengte folk. Tok ikkje med fotoapparatet, men hadde heldigvis mobilen. Det var sterkt å vere saman med nærmare 80.000. Roser og faklar. Skulle tatt av mengden, men måtte bare vere der akkurat då. Desse tok eg etter toget: Roser kasta ut på Breiavatnet. Breivatnet. Ut på kvelden var det levande lys langs heile vatnet  Domkyrkjeplassen kl 22.  I dag drog eg ned igjen. Det var ikkje lett å få tak i roser. Men heldigvis begynte dei å få inn litt. Med 3 røde, vandra eg til domkyrkja. Folk stod stille, kviskra. Av og til eit høgt spørsmål frå eit barn. Kloke spørsmål. Eg la ned rosene og fotograferte litt. På veg inn i domkyrkja for å skrive i kondolanseprotokollen, såg eg dette og måtte puste ekstra: "Kjære Marianne. Hvil i fred. Hilsen farmor" Inne i kyrkja blei

22.07.2011

STRID FOR FRED Ja lat oss strida, og lat oss tru, og byggja med tankar ei bivre-bru til den heilage, høge framtid! Me lever midt i ei villmanns-tid med blinkande knivar og nevestrid; og livet er som ein bloddraum. Men vita skal me og vone visst at ånd må vinna på troll til sist, og vit på de varge villskap. Så lat oss tru og strida som menn! For trui er. som det skrivi stend, den makt som vinner på verdi A. Garborg 

Little Bee - ein nedtur

Eg hadde høyrt så mykje vakkert om denne boka. Og vaskesetelen reklamerte stort. Dette var ei sterk historie om eit viktig emne. Å vere på flukt fordi du har sett. Å ikkje bli trudd at du er i fare fordi den staten du har kome til har bestemt at det er trygt i landet ditt. Jo, dette er historiar vi nok treng å få inn over oss. Får så Cleave dette til? Vi møter Little Bee som kjem seg til England 14 år gamal. Ho hamnar på eit interneringssenter og er der i 2 år. Kjem seg ut derfrå på eit lite truverdig vis, men ok. Finn fram til eit ektepar ho har møtt i Nigeria. Og etter det byrjar det jo å skje ein del. Forfattaren har sterk trong for detaljar, veldig detaljerte til og med. Ôg når det ikkje  er behov for det i det heile. Td. når du leitar fortvila etter eit barn, ville du då tenkt på at den kvinna som sit på teppet der du spring forbi har farga håret og har flisete tuppar??? Kanskje Sarah, men veldig få andre... Little Bee sine formuleringar og tankar slit eg med å godta som

Livlegens besøk

"Livlegens besøk" av Per Olov Enquist var neste bok ut av lydbøkene mine. Spennande bilturar blei det. "Den 5.april 1768 ble Johann Friedrich Struensee ansatt som den danske kong Christian den syvendes livlege, og fire år senere ble han henrettet" Dette er starten på romanen. Det fins neppe betre måte å bli kjent med historien på enn å få den i romanform. Her kjem vi på innsida av ei radikal tid i den nordiske historia. Struensee gjorde endringar som ligg føre den franske revolusjonen. Her møter vi makt, navmakt, revolusjonære idear og galskap. Å bli fødd til ein tittel og å bli brukt i den. Det er spørsmål vi kan undre oss over i dag òg.... Romanen fasinerte meg. Den var spennande, morsom og tankevekkande. Rart å vite korleis det går og samstundes håpe at det ikkje går slik. Per Olov Enquist fekk forresten fleire prisar for denne boka.

Hotellet på hjørnet av bitter og søt

I sommar var eg på Ellis Island i New York . Her viser dei immigrasjonen til USA. Men eit rom handla om den historia eg ikkje hugsa frå historieopplæringa i skolen, men hadde eit vagt minne om etter å ha lese boka "Sneen på sedertrærne" av David Guterson, var japanerane sin historie i USA under 2.verdskrigen. Eg veit ikkje om dette er ei fast utstilling, eller bare for ein kortare periode. Boka Hotellet på hjørnet av bitter og søt av Jamie Ford er ei tankevekkande, trist, god og nydeleg historie om kinesiske Henry og japanske Keiko i 1942. Og Henry i 1986. Vi får eit sterkt bilete av det å vere asiat i Seattle. Tradisjonar, makt og menneske som vågar gå eigne vegar. Sit att med spørsmålet: Kor mykje veit amerikanarane om denne delen av krigshistoria? Er den gløymt? Koss ville vi reagert om vi levde i Seattle då? Ei bok verd å lytte til. Gjorde meg litt klokare.

Hundene i Thessaloniki

Eg har kjøpt nokre lydbøker i vinter. Godt med tilbod. Det er ekstra kjekt å lytte medan eg kjører. Lydboka: "Hundene i Thessaloniki" av Kjell Askildsen gjev meg til og med røysta til Askildsen. Veldig bra. "Det er forfattaren sjølv som les" som det heiter. Askildsen får skikkeleg fram det monotone. Sa han. Sa hun. Han får fram dei korte setningane som vi seier til kvarandre. Ord som i seg sjølv ikkje er viktige, men det ligg noko bak. Etterkvart forstår ein kvifor novellesamlinga heiter Hundene i Thessaloniki. Eg blei fasinert over novellene, men òg trist. Så tomt det kan bli mellom menneske som ein gong hadde noko saman. Nokre lenkjer om Askildsen og forfattarskapet: http://www.litteratursiden.dk/artikler/men-det-var-trods-alt-en-lettelse-faa-svineriet-lidt-paa-afstand-kjell-askildsen-hundene-i - http://en.wikipedia.org/wiki/Kjell_Askildsen http://www.boktipset.se/bok/hundene-i-thessaloniki

Døden, skal vi danse

Til jul fekk eg boka: Døden, skal vi danse? av Per Fugelli  og har filosofert saman med Fugelli etter det. Han stiller mange spørsmål om helsevesenet og ka helse er.  Vi blir med Fugelli gjennom kreftbehandlinga, Gjennom tankane på døden. Tankane rundt effektiviseringa i helsevesenet. Redsla for nærleik pga smitte, samstundes som det ikkje er reint på sjukehusa. Alle legane som ser deg som ein av mange. I løpet av eit år hadde han minst 37 legar som han møtte ca 6 min.... Blir ikkje den sjuke ganske einsam då? Og ka er no døden? Ka ville livet vore om vi ikkje hadde døden? Gjev døden livet meining? I intervjuet med Aftenbladet skreiv Fugelli ein resept: Bruk salmebøker Pass på å synde litt Finn deg en flokk Godta dine feil Husk du skal dø Ein god resept å ta med seg på vegen. Eg blir sterkt minna om Benny Andersen sine ord når eg les boka: Vi ved ikke hvem af os der først vil blive til ingen eller noget ufatteligt andet men i dag kan vi nå hinanden og høre hinandens