Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2020

Eg er ein annan

  Endeleg kom dag tre, fire og fem i Septologien til Jon Fosse. Boka Eg er ein annan . Nummer to av tre. Den første heiter Det andre namnet  og eg skreiv om den i fjor. Då var vi med i dei to første dagane opp mot jul. No er det dei tre neste dagane unnagjort. Boka  Eg er ein annan  er unnagjort.  Eg sit igjen med tankar om at når dei to siste dagane kjem, så må eg lese dei alle tre i lag. Det er noko suggererande over bøkene. Dei gjentar det same samstundes som det er endringar. Vi blir kjent med Asle som barn, ungdom, vaksen, gamal... Asle er to og ein . Guro er to og ein. Nokre får er bare ein. Foreldra, Åsleik, Beyer. Heile tida dei to vegane Asle kan gå /har gått. Den eine Asle går det gale for. Alkoholisert og sjuk. Den eine Guro slit òg. Den andre kjenner vi bare som Systera førebels.  Asle har mange trekk som liknar på forfattaren. Kanskje dette er ei form for sjølvbiografi? Fosse skriv utan punktum, men med mange komma. Han hoppar i tid midt i ei forteljing. Det kan høyrast ro