Notto Thelle er ein klok mann eg gjerne lyttar til. Boka Stillheten og skriket kom ut i år. Det er ei lita bok sjølv om ho er på 230 sider. Formatet gjer at ho er lett å ta med seg i veska. Lett å plukke opp, lese litt og tenkje meir. I starten av boka viser han til den stoiske keisaren og filosofen Marcus Aurelius (121-180 e.Kr) som skreiv den vesle boka Meditationes (Stille ettertanker). På norsk har boka fått tittelen Til meg selv. Den stille ettertanken er det han søker. Vi startar livet med eit skrik. Stilla og suset frå mor sin mage er over. Mellom skriket og stilla leitar vi resten av livet etter ord og tankar. Vi snakkar, lyttar. Kanskje den verkelege samtalen byrjar når siste ordet er sagt? Kan vi lære oss å fornemme lyden av ei harpe utan strengar? Har det moderne livet tatt frå oss stilla og ettertanken? Hiv vi oss over mobilen straks det er ein pause? Greier vi å lese konsentrert over lang tid utan å la oss forstyrre? Kor lenge kan eg sjå på fjorden og la tankane van
Tankar om bøker eg møter langs vegen