Tett inntil dagene - Mustafa Can

Mustafa Can si fortelling om mor har eg hatt i CD-hylla mi i mange år. Det var liksom aldri tid for akkurat den boka. Men i sommar kraup ho fram, 11 år etter at ho kom ut på norsk. Lange bilturar og lydbøker er ein god kombinasjon.

Vi møter forfattaren Mustafa Can som sit på dødsleiet til mor Güllü. Kven var ho eigentleg denne kvinna som hadde fødd 15 barn og mista 7 av dei? Korleis hadde ho det i eit land der ho ikkje kunne språket og kulturen? Mor Güllü er fødd i Kurdistan, blir mor tidleg og lever eit fattig bondekoneliv på den kurdiske landsbygda. Med håp om ei betre framtid, blir faren arbeidsinnvandrar i Sverige. Her arbeider han doble skift som reinhaldar for å få nok til å leve og til å sende til storfamilien i Kurdistan. Etterkvart bestemmer han seg for å hente kone og barn til Sverige. Han greier ikkje leve utan dei, men det er bare for nokre år. Dei skal tilbake til landsbygda. Det er der dei skal bli gamle og døy.

På 1970-talet kjem dei. Mustafa er 6-7 år og han og søskena sklir fort inn i det svenske samfunnet med skole, fotball og bibliotek. Mustafa skammar seg over mora som barn. Vi har alle "sett" henne. det er ho med kåpe og skaut, gjerne med handleposar og fleire ungar på slep. Nokon må vere med for å tolke og lese. Ho er eldre enn dei andre mødrene og ho kan ikkje kommunisere med dei. Men ho lagar den beste maten, sjølv om det er på ei "kukplate" eller bakar brød på grillen på terrassen midt på vinteren.
Ho er analfabet og historia om korleis ho lærer å skrive namnet sitt slik at ho kan hente barnetrygda, er herleg.
Når dei er på ferie i landsbygda i Kurdistan, er det ho som er den kloke, den som kan skrive namnet sitt, måle blodtrykket på dei andre kvinnene, fortelje gode historiar, dele ut gåver og vere den dei elskar.

Men kven var mor eigentleg? Ho er den som elskar, Ho som tar seg av deg. Ho er bare der. Rundt deg. Mustafa spør mor, spør far, spør dei som vaks opp med henne, dei som levde i hus med henne. Kven var mor?

Dette er ei bok om utvandring. Om ikkje høyre heime og om å bli ein del av eit nytt samfunn. Om språket som blir hinder for kommunikasjon. Om å gjere si plikt, om skam, einsemd, sorg, identitet. Og mykje om den grenselause kjærleiken.
Eg snufsa, tørka tårer, kjørte bil, tenkte på eiga mor, på klassereisa og på alt som ikkje blir sagt. Forfattaren viser ofte til Moberg sine bøker om utvandringa frå Sverige til Amerika. Kjenner seg igjen i dei.

Ei nydeleg bok.
--
Forfattar: Mustafa Can
Tittel: Tett inntil dagene
Omsett frå svensk av Johann Grip
Forlag: Cappelen Damm, 2008
Lydbok. Lese av Duc Mai-The

Kommentarer

  1. Høyrest uts om ei bok eg må lesa/høyra. Eig du lydboka, låner eg gjerne. Migrasjon og utfordringar knytta til dette er alltid eit aktuelt tema

    SvarSlett
  2. Eg eig cdane så dei kan du med glede låne

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om