Menneske og kreftene. Sterk islandsk trilogi


 Det er lenge sidan eg har gått rundt med ei bok i veska utan å ville lese. Bare fordi det å lese betyr at slutten nærmar seg og eg vil ikkje at det skal ta slutt. Eg vil vere saman med gutten, med kvinnene og i det tøffe samfunnet.

I den første boka, Himmelrike og helvete, møter vi Bardur, gutten, Andrea og Petur, ein hardt arbeidande leiar for eit fiskelag. Mannfolka drar ut på fiske. Vêret er ikkje heilt lovande, men dei satsar på å greie det før uvêret tar over. Mellom dei og det kalde, urolege havet er det bare eit tynt skal, den opne båten. Maskinen er menneskekraft og seglet. Ingen av dei kan svømme. Det er å ikkje stole på Gud å lære seg slikt.
Bardur var så opptatt av å lære deler av eit dikt av Milton at han gløymer skinnskjortelen. Plagget som held kulde og regn ute.
Bardur og gutten skimter iblant en flokk foran seg og passer på at avstanden trekkes ut istedenfor sammen, det er de to som er på tur sammen, best slik, så mye som trengs å sies som bare er tiltenkt de to, om dikterkunsten, om drømmene og det som gjør at vi blir liggende våkne om natten
Vi ror, frys, blir kvalme og er saman med desse mennene som har sitt å gruble på . Livet er hardt, vinteren lang og sommaren kort. Kjærleiken er vanskeleg. Og eit par av dei har oppdaga kor sterkt det skrivne ord kan vere. Korleis verda kan utvide seg.
Leppene beveger seg, han leser linjene om og om igjen, og for hver gang blir verden litt større inni ham, vider seg ut.
Boka er sterk og naken. Det er livet, døden, draumar, fattigdom, fisk, såre hender, harde hender, kalde kroppar og havet.
Våt, sliten, full av sorg og med eit lite håp kasta eg meg over bok nummer to, Englenes sorg.

Det har ikkje gått mange dagane, gutten er i huset til Geirthrúdur. Ei sterk moderne kvinne som utfordrar menn og makt. Vi møter den tause postmannen Jens. Han og gutten skal over fjellet med post. Det er snøstorm og kaldt. Gutten er sliten. Prøver å snakke med den tause Jens. Ramlar om og vil bare legge seg ned i snøen og sovne. Desse to, den eine som slit med å setje ord på tankane sine, den andre som snakkar i eitt, blir knytta til kvarandre.
I dette uvêret møter dei fattigfolk, boklengsel og døden.

Etterkvart er det ikkje bare postveskene dei må dra på, eit lik treng å kome i vigsla jord. Det er april, men våren ser ikkje ut til å kome dette året. Det stormar, er mørkt og døden byrjar lukte.

I første boka var vi på havet med livet, døden og draumen. I denne er vi i snøstormen med livet, døden og draumen. Vi kjem nær på menneskeslitet, tankane, tungsinnet, frosten, spriten, fattigdomen og håpet.
Overlevelseskamp og drømmer går ikke særlig godt sammen, diktning og saltfisk er motsetninger, og det er ingen som spiser drømmene sine.
Boka sluttar så dramatisk at eg så vidt greidde puste før eg opna bok nummer tre, Menneskets hjerte.

Denne er annleis enn dei to første. Vi er tilbake på Plassen. Her er det uro i maktbalansen. Ei kvinne, Geirthrúdur, viser tydeleg at ho har makt. Ho er enke og det er ingen mann som kan styre henne. Vi er i ei oppbrotstid. Båtar får damp, fleire lærer å lese. Ikkje alle stiller seg med bøygd hovud og hatten i handa kvar gong dei møter ein av dei rike. Bøker, høgtlesing og samtalar. Og brennevinet. Mannen si trøyst og mannen sin djevel.
Boka startar med å fortelje at det i ei gamal arabisk legebok stod at hjarta til mennesket hadde to kammer, det eine heiter lukke og det andre fortviling. Gutten har ei raudhåra, fattig, ung kvinne i det eine hjarterommet og ei rik, eigenrådig, ung kvinne i det andre. Den eine vil føre til eit hardt slit, den andre vil han bli drept om han prøver seg på.
Vi blir kjent med overlærar Gisli, den blinde Kolbeinn, den engelske kapteinen som døyr då han prøver å redde ein kattunge, med pengemakta, med diktarkunsten og den korte islandske sommaren. Den kan òg, i lyset sitt, innehalde ein storm.
Mannen dør dersom du tar brødet fra ham, men uten drømmer visner han

 Du måtte vere sterk for å overleve i dette landskapet. Island på 1800-talet var ikkje akkurat for pysar. Dei fleste var fattige og måtte utfordre naturkreftene for å ha ein sjanse. Kampen for livet og framtida, for mennesket og draumane er fantastisk godt skildra.

Bøkene kan du finne samla med fellestittelen, Gutten.
Forfattar: Jón Kalman Stefánsson

Alle bøkene er utgitt av forlaget Press. Nydeleg omsett av Tone Myklebost.
Eg las ho som ebok.