Den som ser i brønnen, stirrer nedenfra - om Kolbein Falkeid

 Det første året med korona las eg dikt av Kolbein Falkeid kvar dag. Eg verkeleg trengte ein mann med stille tone, salt i blikket og vind i skjegget.

No har eg lytta til Ketil Bjørnstad si bok om Falkeid. Boka kom ut i 2008.

Bjørnstad møter Falkeid i Haugesund fleire gonger. Dei prater om livet og poesien. Det er interessante samtalar.

Du skriver dikt, sier de,
det er ikke noe å bli fet av
Nei, sier jeg,
men trer jeg livet gjennom et nåløye,
får jeg kanskje noe å sy en mening med.

Uten diktet
skimter jeg den bare som et minne
uten fortid
(frå utestengt 2001)

Falkeid snakkar om sjølvforakt. Om sorg. Om døden. Om stjernehimmelen. Om å reise. Om kvardagane. Dei det er flest av. Og om å sjå. Heile tida dukkar dikta opp og utvidar samtalen.

Dei snakkar om at det er mykje haust i dikta hans. Og hausten i livet. Han kjenner på alderen. På at kroppen ikkje er like mjuk. Han går turar for å tenke og for å halde kroppen i gang.

Denne fine blandingen mellom poesi og Falkeid sine tankar gjer boka til ei glede. Samstundes som ho gir mange tankar å arbeide vidare med. Eg måtte finne fram dikta hans. Lese fleire av dei på nytt og kjenne på orda og bileta.

Men noe i meg vil bare somle.
Vil ro fjorden langs østre landet
hvor solen ennå stryker fingrene
gjennom lyng og starr,
og en hegre, grå og forstemt,
speiler sitt tungsinn i vannet -

Vil ro langsomt og stille,
uendelig langsomt mot en lyttende kveld.
Vil stryke over sand og steiner.
Alt vil jeg stryke og la drikke av mine henders
beger
fylt av farvel
takk og farvel . 
         (frå "I dag kom høsten her" 1966)

Eg tilrår!

Tidlegare blogginnlegg om Falkeid: 

---
Forfattar: Ketil Bjørnstad
Tittel:KOlbein Falkeid - et nærbilde
Forlag: Cappelen Damm
Årstal: 2008
Lydbok: lese av Nils Nordberg (Storytel)