Jag vill sätta världen i rörelse - Selma Lagerlöf

 Äntligen! Nu är hon där hon ska vara. Äntligen kan det börja, livet så som hon innerst inne alltid vetat att det skulle bli. Känslan av bestämmelse, av att vara ämnad för något stort, har hon haft ända sedan barndommen. 

Den 7.november 1890 melder tidsskriftet Idun at Selma Lagerlöf har vunne ein skrivekonkurranse med fem kapittel av Gösta Berlings saga. Endeleg hadde ho fått stadfesting for at alle dei einsame nettene med skriving ikkje hadde vore forgjeves. 

Anna-Karin Palm har skrive "Jag vill sätta världen i rörelse" - en biografi över Selma Lagerlöf.  Og eg har brukt 25 timar på å høyre forfattaren lese boka høgt. Ho ikkje bare skriv godt, ho les godt òg, så dette blei mange interessante lydboktimar.

Selma Lagelöf (1858-1940) var frå Sunne i Värmland, Sverige. Då ho var 22 år gamal reiste ho frå barndomsheimen, Mårbacka, for å begynne på seminaret i Stockholm. Ho skulle bli lærarinne. Ho hadde lenge visst at ho måtte ut i arbeid og tene til livsopphaldet. Økonomien i familien blei dårlegare og dårlegare. Ekteskapet var ikkje den utvegen ho ville ha for å bli ei økonomisk fri frå foreldra. 

Det hadde vore store debattar om kvinna trengte utdanning. Ho skulle jo stelle hus og heim og til det trengtes ikkje slikt. På midten av 1800-talet var det fleire og fleire kvinner i dei øvre sosiale klassar som ikkje gifta seg. Familiane kunne ikkje forsørge dei i lengda og alternativet var ofte å bli guvernante eller selskapsdame. Dette var ikkje yrke som passa Lagerlöf. Ho ville arbeide og skaffe seg kunnskap for til slutt å kunne leve som forfattar. Ho ville vere fri.

I Stockholm møtte ho andre kvinner som tenkte som henne. Dei gjekk i teater, diskuterte litteratur, religion, kunst og pedagogikk. Wallinska skolan i Stockholm var ein jenteskole. Her var det nære venskap, forelsking og sjalusi. Og ho fekk venner for livet. 

Selma fekk lærarjobb og møtte Anna Oom, som ho tydeleg viser i brev at får fram spesielle kjensler i henne. Anna Oom blir ei god veninne gjennom heile livet.

Ute i samfunnet hadde mannen eit seksuelt behov som måtte dekkast både før og i ekteskapet. Kvinna hadde ikkje seksuelle behov /kjensler før mannen i ekteskapet vekte det i henne. Sex mellom menn var forbode, men kjærleiken mellom kvinner var noko uskuldsreint. Dei kjente jo ikkje til heite seksuelle kjensler i følge samfunnsnormen. At kvinner budde saman var ofte av praktiske årsakar, men fleire var livspartnarar. Utan at samfunnet reagerte på det.

Selma Lagerlöf er ei kvinne med sterke kjensler og det kjem fram i breva ho skriv. Her er det ikkje skam over at ho er forelska i kvinner, nei det er sjølvsagt. I tillegg til Anna Oom, blir vi særleg kjent med Sophie Elkan og Valborg Olander. Valborg blir den stødige livskameraten. Ho som Selma skildrar som forfattarfru. Sophie Elkan er reisekameraten. 

Selma Lagerlöf var aktiv i kvinnekampen som vaks fram. Ho eigde jord, men ho kunne ikkje stemme ved val. Ho er viktig for dei sigrane svenske kvinner etter kvart får. Ho blir den første kvinna som får Nobelprisen i litteratur (1909). Og ho var den første kvinna som fekk plass i Svenska Akademien (1914).

Romanane og fortellingane til Selma Lagerlöf er ofte frå eldre tider. Det var ein gong... Men desse menneska ho skildrar, kjempar dei kampane vi òg kjempar. Ho stiller stadig spørsmålet: Er det muleg å leve eit rettferdig liv, med kvarandre og med oss sjølv? Korleis kan vi gje liva våre ei djupare meining? Kan vi bygge ei verd der kjærleiken er det styrande etiske prinsippet? Ei verd der alle får utvikle seg og bruke talenta sine? 

I Lagerlöfs universum finns kontakten bakåt, mot föregångarna; där är naturen ofta besjälad och måste mötast med respekt; där är kärleken en kraft som kan förflytta berg och bryta gamla mönster. Friheten är möjlig, tycks hon säga, men dess forverkligande kräver hårt arbete och lika sträng blick på oss själva som på grannen. Och även om den värld hon skriver fram ibland är grym och hård, så finns där också ett hopp - i det faktum att vi människor är större än vi alltid förstår, rikare utrustade och ständigt stadda i förvandling


Interessa for Selma Lagerlöf har alltid vore der. Legendene hennar les eg ofte rundt juletider. Men i haust har eg endeleg vore ein tur til Sunne igjen. Her opplevde eg Västanås teater og "En saga om en saga". Ei fantastisk forestilling frå forfattarskapet til Sunnes store dotter. Og då vakna lysten til å bli meir kjent med forfattaren og forfattarskapet på ny. Anna Karin Palm si bok gav meg mykje kunnskap og lyst til å lese fleire av bøkene om igjen og å lese dei eg ikkje har lese. Måten ho gir oss bilete og glimt av bøkene gjev leselyst.

Og så må eg få tak i Mårbacka- pelargonium neste gong eg er der.

Ei bok eg tilrår.


----
Tittel: "Jag vill sätta världen i rörelse" - en biografi över Selma Lagerlöf.
Forfattar: Anna- Karin Palm
Språk: Svensk
År: 209
Forlag: Albert Bonniers förlag
Sidetal: 682
Lydbok lånt på Storytel. Det er Anna-Karin Palm som les



Kommentarer