Keiseren av Portugalia

I sommar skal Västanå teater i Sunne, Sverige, framføre Kejsarn av Portugallien av Selma Lagerlöf. To gonger før har eg opplevd dette teateret som bruker musikk, rytme og ord i fantastisk samspel. No ville eg vere førebudd. Kanskje kjem eg meg dit i år òg?

Å lese Lagerlöf igjen var ei sterkt påminning om kor god fortellar ho er. Vi møter Jan i Skrolycka. Han giftar seg med ei han eigentleg ikkje er glad i, og han klagar over uhellet både i ekteskap og livet. Men så blir han far. Hjarta held på å eksplodere av lukke og kjærleik då han held Klara Fina Gulleborg i armane sine. Ingen har fått ei så fin, dyktig og god dotter som han. Han forgudar henne. Og løftar henne opp. Ho er like god som alle andre. Helst betre.
  
Diverre er dei fattige folk og har lite å stille opp med når godseigar og butikkeigar kjem med pengekrav. Klara drar til Stockholm for å tene pengar slik at dei kan betale for seg. Foreldra mister kontakten med henne og ryktene byrjar å gå i bygda. Om faren blir gal av lengsel eller klårsynt av kjærleik, er ikkje lett å seie, men han byrjar i alle fall å skape seg eit bilete av at Klara er keisarinne og då må jo han vere keisar av Portugal. Med si halvgalne form blir han direkte med menneska rundt seg. Seier ord dei ikkje trur på, men som det seinare viser seg at stemmer. Kva er det med han?

Portrettet av Jan er vakkert, sårt og gripande. Lagerlöf gir han verdigheit og det er eit eige skin over denne farskjærleiken som overgår det meste.

Undervegs måtte eg tørke nokre tårer. Ei nydeleg fortelling på beste Lagerlöfvis.

Eg tilrår.

---
Tittel: Keiseren av Portugalien En Värmlandsfortelling (Kejsarn av Portugallien)
Forfattar: Selma Lagerlöf
Utgitt år: 1914

Omsett av: O. Thommesen (Oversettelsen er lettere modernisert)
utgitt: 2012
Forlag: Vigmostad Bjørke
Lese som e-bok