1936 - for eit år! Mange røyster peika på at det gjekk mot krig. Nordahl Grieg skreiv "Til ungdommen" og Arnulf Øverland "Du må ikke sove".
Sven Egil Omdal tar oss gjennom året frå januar til og med desember. Ute i verda veks fascismen, men kommunismen blir sett på som ei større fare. I Noreg skulle Arbeidarpartiet bygge landet, Trotskij var flyktning i landet og blei etterkvart eit stort problem for regjeringa. Sovjet likte det ikkje. Politiske motstandarar meinte han spreidde farleg kommunisme. Og kva skulle Nobelkomiteen gjere med Ossietzky, fangen i tysk fengsel? Sterke krefter meinte han burde få fredsprisen, Der Führer meinte noko anna. Korleis balansere mellom alle desse sterke?
I Spania får Franco, kyrkja og dei konservative støtte frå Italia og Tyskland til å gå til angrep på ei regjering vald av folket. Kva skulle Noreg gjere? Vi møter journalisten Gerda Grepp midt i bomberegnet.
Jeg roper i mørket - å kunde du høre!
Der er en eneste ting å gjøre:
Verg dig mens du har frie hender!
Frels dine barn! Europa brenner!
A. Øverland
Vi har bronselaget. Vi har spiritisme og samtalar med døde. Ragnvald Skrede får merke kor langt bygdedyret kan gå. Vi har sjølvsagt den utsvevande russen. Og vi har nynasistar som var begynt å vise seg fram.
Dette er løftet vårt
fra bror til bror
vi vil bli gode mot
menskenes jord.
Vi vil ta vare på
skjønnheten, varmen -
som om vi bar et barn
varsomt på armen.
N.Grieg
I Storbritannia har dei Edvard og Wallis.
I USA er Sonja Henie.
I Etiopia har Italia forsynt seg. Dei òg ville ha ein koloni.
Denne boka er engasjerande, lettlest og lærerik. Er du litt historieinteressert, eller er opptatt av det som skjer i dag, les! Her er mykje å lære og bli minna på. Korleis vil historia dømme 2024? Det tenkte eg ein del på.
Eg tilrår!
---
Tittel: 1936 Året da alt skjedde
Forfattar: Sven Egil Omdal
År: 2024
Forlag: Kagge forlag
Lånt på biblioteket