Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november, 2017

Mysteriet i trua

Forfattaren Jon Fosse er ikkje lett å gå fort forbi. Han krev mykje av lesaren og han gjev mykje til lesaren. Eg må innrømme at eg var spent då denne boka låg på Kindlen min. “Mysteriet i trua”. Jon Fosse var blitt katolikk. Ville eg forstå tankane og vegen frå bedehuset via kvekarane til katolisismen? I 2013 konverterte Jon Fosse til katolisismen. Fosse snakkar om tru og Gud, om åndeleg og mystiske opplevingar, om skriving, alkoholisme, sjukdom, litteratur og kunst. Og det å vere katolikk. Fosse er kritisk til den katolske kyrkja sitt syn på fleire område. Eg syns at samtalepartnaren Eskil Skjeldal, lar Fosse få sleppe vel lett unna innimellom. Han sparkar til den norske kyrkja òg. Han ser opp til prestane, men korleis skal dei greie å gje folket mysteriet i trua når det meste blir som eit stort kjøpesenter? Det er ikkje Jon Fosse om han ikkje får sagt noko vettugt om litteratur, forfattarar som pregar han, om kommareglar, nynorsk og det å skrive i tillegg. Avsnitt eg hadde