Det er 1942 og vulkanen Hekla vaknar til liv. På Island får ei lita jenta namnet Hekla. Far er opptatt av vulkanar og ord. I 1963 er Hekla 21 år og reiser til Reykjavik. På bussen les ho Ulysses på engelsk. Med ordboka til hjelp. Herren ved sida av kommenterer at det er interessant at ei så vakker kvinne les utanlandsk litteratur, men han kan tilby henne noko betre. Ho er så vakker at han kan få henne med i frøken Island konkurransen. Sjølvsagt kjem ho til å vinne og får reise til utlandet. Hekla takkar nei, men denne karen gjev seg ikkje så fort. Han har teft for vakre damer utan ektemenn. - Hun ødela garnet, sa bonden som hadde satt ut garnet. Jeg satte det ut for å få ørret, og garnmaskene var ikke laget for å fange en dikterinne Hekla har to bestevener. Ísey som har gifta seg, fått barn og veit korleis heile livet kjem til å bli. Ho drøymer om å skrive, men veit det at det er mor, husmor og kone ho skal vere. Ho visste kva som var forventa av henne i samfunnet. Jón John som er ho
Tankar om bøker eg møter langs vegen