Eg stod som nr 362 i lånekø for Tore Renberg si bok "Et livsforsøk". Heilt greit tenkte eg for eg har jo så mange andre bøker å lese. Men brått kom det melding om at boka venta meg på Biblio, lyd- og ebok appen til biblioteka. Eg blei så overraska at eg la frå meg det eg hadde planar om å lese, tok på meg tursko og tok meg ein tur. Tenk å få Tore Renberg rett i øyra. Han les godt og turområdet mitt er midt i bøkene hans så det gjev jo ekstra bonus.
Agate Milde, adoptert frå Calcutta og så vakker at veninnene er misunnelege og gutane forelska. Vi møter igjen Jarle Klepp. Denne gong i ein liten rolle.
Agate gjer leksene, les aviser og er flink. Og det er den flinkaste ho vil vere. Vi følger henne frå barndom til ei godt vaksen kvinne. Renberg får verkeleg fram ei både frustrert, flink, vakker og gutegal jente. Det er så eg blir redd for tenåringsjenta. Kjem ho gjennom dette?
Ho blir vaksen, utdanna og finn seg ein kjekk, snill mann. Men kva er det med henne som er på grensa til å øydelegge det? Kvifor sårar ho andre? Kvifor er dottera så sint på henne?
Eg hadde ei spesiell glede over notatbøkene til faren og det som ho brått ser ut frå tekstane.
Det var ein driv i boka som eg likte. Og eg får lyst til å få meir av Agate Milde. Livet blei meir krevande og kvardagsleg. Og ho blir eldre.
Eg tilrår!
-----
Og så ei heilt anna bok.
Eg var på Rogaland teater og såg teaterstykket: "Løvetann" med Kim Fairchild og Espen Hana. Dei har bagasje frå barndommen med seg inn i vaksenlivet. Eg fekk lyst til å lese Espen Hana sin historie så eg lånte - edru og uten filter.
Espen Hana vaks opp i Jammerdalen, innerst inne i Pedersgata i Stavanger. Faren er alkoholikar, bestefaren er det. Og Espen byrjar å drikke for å dempe angsten. Han drøymer om musikk, jenter, å kome seg bort. Han vil bli skodespelar. Men så var det angsten. Alkoholen.
Han blir skodespelar, men angsten kryp fram. Stadig vekk blir det opna ein ølboks. Stadig vekk er det grunnar for å drikke. Ekteskapet ryk. Han greier å halde på jobben. Til ein dag han blir kalt inn på teppet. Teatersjefen seier tydeleg: Slutt å drikke. Fortset du så har du ikkje jobb.
Ei bok det går fort å lese. Vi får innblikk i eit miljø der folk veit dei ikkje er blant dei heldige i samfunnet. Eit miljø der det kan vere tøft å vekse opp og å leve. Hana skriv med humor og til tider i fortviling over det som skjer med han og rundt han.
Eg tilrår.
----
Forfattar: Tore Renberg
Språk: norsk bokmål
Forlag: Oktober forlag
År: 2026
Forfattar: Espen Hana
Språk: norsk bokmål
Forlag: Jæren forlag
År: 2019

