Haakon - den nye kongen

 

28.august 2026 fekk vi ny konge. Haakon 8. På tide å lese den der tjukke boka om Haakon, tenkte eg. Boka hadde fått solide kritikkar då ho kom ut i 2023. Det året han blei 50.

Både Kjetil S. Østli og Haakon står som forfattarar. Østli fører Haakon sine ord i pennen, men har òg mange refleksjonar undervegs der han går i helane på kronprinsen i to år.

Eg skjønar terningkasta som kom. Dette var ei kjekk bok å lese. Og lett. Vi blir kjent med tankane, veremåten og livet til den dåverande kronsprinsen. Eg ler av Østli som ikkje heilt får med seg kleskodane, heng bakpå då han skal på NATO-øving mm. Og eg les med interesse om den litterære bagasjen den nye kongen har med seg. Tankane hans om klimautfordringar, 22.juli, det å vere far, bror, son. Og ektemann. Om ferie i ei fangsthytte på Svalbard, bobiltur i California  - om å vere familie.

Og om å reise vekk for å få lov til å bare vere Haakon, ikkje kronprins. Kjærleiken til Mette Marit lyser gjennom boka, og frustrasjonen over kor tøft det var å møte pressa i kvar busk i tida før ekteskapet.

I boka Kongen forteller av Harald Stanghelle seier kong Harald om sonen: "Han er en klok fyr. Det kommer til å gå bra med ham når den tid kommer." Eg trur eg er einig med kong Harald her. 

Eg tilrår!

----

Tittel: Haakon  Historier om en tronarving
Forfattar: Kjetil S. Østli og H.K.H kronprins Haakon
Språk: Norsk (bokmål)
År: 2023
Forlag: Cappelen Damm
Boka er lånt på biblioteket