Eg har reist saman med Morten Pedersen Falck frå han var ung mann og drog frå Lier til København i 1782 og til han i 1795 går om bord i båten for siste gong og reiser dit han kjenner seg heime. Draumen var å studere naturvitskap, men faren ville han skulle bli prest. Protestere var ikkje aktuelt for då hadde han ikkje fått pengar til å studere. Morten slit med å interessere seg for teologien. Han bruker meir tid på førelesingar i naturvitskap og til å studere og prøve ut livet i bygatene og gardsromma enn på studia han er her for. Tilslutt blir han teolog, møter Poul Egede og bestemmer seg for å bli misjonær i den dansknorske kolonien, Grønland. Han anar ikkje kva han går til der han tar med seg ei ku og går om bord i briggen Der Frühling. Forfattaren vel å hoppe litt i tid slik at vi tidleg får vite korleis det står til med magister Falck etter fleire år i frost, fukt og dårleg kosthald. Det er ikkje akkurat ein from misjonær vi møter, men kanskje heller ein fortvilt syndar. Et
Tankar om bøker eg møter langs vegen