Ullsankarar, drøymefangarar og Patti Smith


http://www.pattismith.net/intro.htmlPatti Smith, amerikansk musikar, låtskrivar og poet. Her er det poeten som får blikket på seg.
Patti Smith sine eigne ord om boka:
Eg har alltid elska eventyr, men eg er redd denne vesle boka ikkje kvalifiserer. Alt ho inneheld, er sant, og skrive akkurat slik det var. Ved å skrive henne kom eg meg ut av den merkelege dvaletilstanden min, og eg vonar at ho til ei viss grad vil fylla lesaren med ei vag og nyfiken glede
Til vanleg les eg på tog/båt/mens eg ventar osb. Men det finst bøker som krev noko meir. "Sanka ull" er ei slik. Ei av dei som krev stilla, nåtanken og ettertanken.
Det er tåke, sauer, draumevakt, ullsankarar og livet. Det er bilete og forteljingar som går rakt inn, som eg nikkar til. Det er bilete og forteljingar eg kjenner har noko eg ikkje nådde heilt inn til enno. Men neste gong....

Etter bøna, då alt var stille og eg kunne høyra den mjuke pusten til bror min og syster mi som sov tungt, gjekk eg opp på ein stol og drog til sides kledet som dekte vindauget. Eg fortsette bøna medan eg heldt utkikk etter dei - ullsankarane - dei som heldt fast det bortkomne så det skal bli funne igjen, sjølv det engstelegaste lys. Og på særskilt vedunderlege kveldar, når bøna sjølv minte om eit eventyr, opna noko seg, og eg forsvann for å vera blant dei. Eg sprang ikkje, eg svevde - nokre fot over graset. Dette var den hemmelege evna mi - meisterstykket mitt.
Denne store, vesle boka er eg ikkje ferdig med.
Patti Smith: "Sanka ull/ woolgathering" har den engelske teksten på venstre side og den norske på høgre. Det likte eg òg. Den engelske utgåva er frå 1992.

 Kva gjer me, Store Barrymore? 

Me sjanglar 
Kva skal me gjera, enkle munk?
Ver frimodige
Og desse råda, gjevne med slik udelt miskunn, gjorde lemmene mine så lette at eg blei løfta og svevde over graset, sjølv om det verka for alle som om eg framleis var midt blant dei, oppslukt av menneskesyslar, med begge beina på bakken.






Kommentarer