Etter som ho veks til, kjenner Maria på ansvaret, på oppdraget. Ingen pressar henne, men sjølvsagt vil dei at ho skal overta.
Men kan ho det? Vil ho det? Er det ikkje skrive ho vil? Skal det slutt med henne? Skal ho gjere si plikt eller følge draumen?
Mange av oss som tidleg flytta ut, kjenner oss igjen i tankane om å flytte heim igjen. Kva vil det bety? Kva får vi og kva går vi glipp av? Og ho som i tillegg har ein gard som ligg der. Ho har eit større press for å tenke over kva det vil bety, valet ho gjer.
Det blir lagt ned mange gardar her i landet. Kvart år. Kva betyr det for norsk landbruk? Og kva betyr det for landet? Er det ikkje særs viktig at vi kan dyrke mykje av maten her? At mattryggleiken er god? Vil pendelen snu? Slike tankar kom òg undervegs.
Dette var ei lettlesen bok. Og ei god bok.
Eg tilrår.
--
Forfattar: maria Lavik
År: 2025
Utgåve: 2.utgåve, pocket
Forlag: Samlaget
