Hard realisme og magiske glimt - Stargate

 Jula er over, men no var det min tur til å lese Stargate - en julefortelling av Ingvild H. Rishøi.

På Tøyen bur Ronja, Melissa og faren. Far er alkoholikar. Melissa er seksten og må ta ansvar. Ho har gjennomskoda faren, mens Ronja er liten og framleis vågar tru på draumane hans. For mellom fyllekulene er det ein snill og omsorgsfull far der. Det er bare det at han ikkje greier å halde på ein einaste jobb. Ofte er det tomt kjøleskap. Det gjeld å ete mykje når faren har litt pengar og bruker dei på mat for neste dag kan det vere tomt. 

Ronja møter vaktmeisteren i porten. Ho gir maten sin til ekornet og vaktmeisteren deler maten sin med Ronja. Vaktmeisteren er ein av dei magiske i livet. Ein som ser og forstår. Ein som tar ned plakaten om behov for juletreselgar og ber henne ta den med til faren.  

- Undere kan skje, pleide vaktmesteren å si. - Noen ganger finnes det bare ingen annen utvei, og da skjer et under.

S. Dali
Far greier sjølvsagt ikkje å halde på jobben og Melissa må trø til. Ronja gjer sitt for at dei skal tene pengar. Saman med Tommy står dei på for å selge juletre og pyntegrønt.

Dette er den moderne varianten av Piken med svovelstikkene av H.C. Andersen. Og det er mykje ein kan kjenne igjen frå Astrid Lindgren. Brødrene Løvehjerte. Mio min Mio osb.

Det er ei fortelling om å leve med alkoholisme i familien. Om livsløgn og flukt frå det verkelege livet. Det er ei fortelling om håp. Det er ei fortelling om at det finst folk der ute.

Det er ei trist fortelling og det er ei nydeleg fortelling. Det er ei fortelling full av hard realisme og magiske augeblink. Denne fortellinga kan fort bli ein del av julelebøkene mine.

Eg tilrår.

Og eg tilrår Litteraturhuset i Oslo sin podkast der Alf Kjetil Walgermo og Ingvild Rishøi har ein interessant samtale om boka.

---

Tittel: Stargate - en julefortelling
Forfattar: Ingvild H. Rishøi
Utgitt år: 2021
Forlag: Gyldendal


 



Kommentarer

  1. Dette var virkelig ei bra bok. Har lest et par andre av forfatteren, og liker henne godt. Jeg må ta meg en bibliotektur en dag, da jeg bare har tykke bøker liggene ulest, og det orker jeg ikke å bryne meg på for tida. Håper på oppsving i leselysten, som er noe laber for tida. Blir utslått av hendelsene i Ukraina. Venter heldigvis overnattingsbesøk av to 8-åringer i kveld, så da blir det anna å tenke på. God helg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg òg. Slit med å konsentere meg. Blir aviser og å sjå på sider i ei bok i staden. Og akkurat no kjem det sms-ar om både den eine og den andre boka eg har stått på venteliste på. Må finne leselysta igjen

      Slett

Legg inn en kommentar

Velkommen til å skrive dine kommentarer om boka/ bøkene dette innlegget handlar om