Heidningar og syndarar på kanten av verda.


Eg har reist saman med Morten Pedersen Falck frå han var ung mann og drog frå Lier til København i 1782 og til han i 1795 går om bord i båten for siste gong og reiser dit han kjenner seg heime.
Draumen var å studere naturvitskap, men faren ville han skulle bli prest. Protestere var ikkje aktuelt for då hadde han ikkje fått pengar til å studere. Morten slit med å interessere seg for teologien. Han bruker meir tid på førelesingar i naturvitskap og til å studere og prøve ut livet i bygatene og gardsromma enn på studia han er her for.
Tilslutt blir han teolog, møter Poul Egede og bestemmer seg for å bli misjonær i den dansknorske kolonien, Grønland. Han anar ikkje kva han går til der han tar med seg ei ku og går om bord i briggen Der Frühling.

Forfattaren vel å hoppe litt i tid slik at vi tidleg får vite korleis det står til med magister Falck etter fleire år i frost, fukt og dårleg kosthald. Det er ikkje akkurat ein from misjonær vi møter, men kanskje heller ein fortvilt syndar. Etter kvart får vi nøsta opp historia hans og får glimt av livet til inuittane i ei verd som dei eig, men som andre vil endre. Dei innfødde blir sett på som ville heidningar. Det er stor kontrast i levemåte mellom dei som driv Handelen (Den Kongelige Grønlandske Handel) og dei som må underkaste seg.
Falck er opptatt av Rousseau og setninga "Mennesket er født fritt, og overalt ligger det i lenker." ber han med seg. Tru på mennesket er ikkje bare lett i ei verd der få ting blir pynta på. Og han slit med trua på mennesket, trua på Gud og fortvilinga over livet.
Våre ånder, sier de, er ikke ondskapsfulle som guden deres. Den bemerkningen kan han ikke ignorere. Han protesterer. Nei. Gud er kjærlighet!. Han viser oss hva som er godt. Allerede før han er ferdig, vet han hva de vil si. Og svar kommer da også prompte: Men dere danske er jo ikke gode. Gud må være veldig sint på dere! (s.338) 

Kim Leine får fram lukt, fortviling,  frost, hunger, lengt og einsemd så sterkt at eg er der. Grønlands apostel, Hans Egede, skreiv dette i sine notat etter å ha opphalde seg i ein av dei grønlandske busettingar:
“Om Afftenen blefv ieg saa upaaselig af den slemme Stanch der inde hos dem, saa ieg maatte kaste op og strax gaae til Sengs og tildeckhe mig gandske med Klæder, thi det raadne Speck og anden Smutzighed som de baer ind i deris Huuse, gifver saadan Stanch fra sig, at det er ulidelig for en kleinlig Natuur at taale og udstaae, derhos er mandd ock ilde commoderet af Luus.”

Boka starta treigt for meg. Korleis skulle eg kome meg gjennom 550 sider? Og eg som hadde lova å lese boka. Men etterkvart tok Morten meg og eg blei med han på oppturar, i ilden, feberfantasiar, frosten, nedturar og all grublinga. Eg møtte profetane Habakuk og Maria Magdalene. 
Eg undra meg over kor lite eg visste om Grønland. Sjølvsagt hadde eg høyrt at det var landet vi mista i 1814 og som vi prøvde å få tilbake på 1930-talet. Hans Egede hadde eg òg høyrt om. Men det gjekk opp for meg at eg var ikkje direkte oppdatert. No veit eg i alle fall bitte litt meir om det som skjedde for 200 år sidan og som er med og pregar Grønland sitt forhold til Danmark i lang tid.

Sluttar med Morten Pedersen Falck sine ord då han på reise i Noreg fekk spørsmål om han hadde hatt samanstøyt med dei ville:
Nei, ikke på langt nær. De innfødte er skikkelige folk. Vi europeere kunne lære mye av dem. Men de er hedninger? Desto sørgeligere er det at de hvite er dummere enn dem. (s.518)

 ---
Forfattaren:
Kim Leine skriv på dansk og omset sjølv bøkene til norsk. Han blir rekna som ein dansknorsk forfattar. Boka: Profetene i Evighetsfjorden kom ut i 2012 og blei tildelt Nordisk råds litteraturpris.


Kommentarer