Det brenner en ild - Ingeborg Refling Hagen

Tidleg på 1980-talet var eg invitert til førestillinga: "Den engelsk Los" av Henrik Wergeland i eit privathus på Billingstad i Asker. Eg sat der med munnen open og lytta til ei framføring med så sterk innleving og så inderleg framføring at eg blei mållaus. Kva var det dei såg og som eg bare ante?

I november 2020 kom det ut ei bok om Ingeborg Refling Hagen. Den har fleire artikkelforfattarar. Vi møter livet på Hedmark tidleg på 1900-talet. Vi møter ei ung forfattar som ser kva som skjer i Italia og Spania. Ei som prøver å vekke folk her heime til å sjå kva som skjer i Europa. Engasjementet som kjem til å bli meir og meir glødande. Artikkelen til Simen Ekern "Det er vi som står vakt om Europa" tar for seg dette og kanskje er det han skriv like aktuelt i dag: 
Det er mulig å hevde at det hadde vært vanskelig å vite hva Mussolini hadde tenkt å gjøre med Italia - hvor langt han ville gå - også fordi han hele tiden selv vekslet mellom ulike scenarier og grader av parlamentarisk deltakelse eller voldelig maktovertakelse. Men skal vi lære noe av historien, kan Mussolini vise oss at det er lurt å høre på hva folk sier rett før de kommer til makten - det kan faktisk hende at de har tenkt å gjøre det de sier.

 Vi går frå mellomkrigstida til andre verdskrigen. Ingeborg Refling Hagen er redaktør av den illegale avisa "Jøssingposten". Ho blir ein fiende av okkupasjonsmakta og ho blei til slutt fengsla. Tida i fangenskap er ei sterk skildring av ei kvinne med ein åndeleg bagasje som gjer henne sterkare enn dei fleste. Mens ho er i fangenskap lover ho seg sjølv at om ho overlever dette, skal ho bruke livet på å lære folk å lese. Særleg barn og unge. Og med det meiner ho ikkje å lære å avlese bokstavar, men å trenge inn i omgrepa. Kva tyder orda? Kva seier forfattaren til oss? Kva lærer vi om oss sjølv?

Staten vil sikkert prøve alt før den tar fatt på det som er tyngst og vanskeligst, men som også er det sikreste legemiddel, det å lære menneskene å uttrykke seg. Lære menneskene å lese. For det kan ikke kalles lesing om en kan stave seg gjennom trekningslista til pengelotteriet, eller gjennom dagsavisen. Til den slags lesning behøver en ikke hørslen, der behøver bare å se. Det er øret som må åpnes for at begrepene skal kunne trenge inn. Gjennom begrepene tennes lyset.

Dette var det ho arbeidde med frå 1945 og til ho døyr i 1989. Barnelesegrupper, ungdomslesegrupper, teater, ope hus for unge som ville bu, arbeide og lære i heimen hennar på Tangen. Og det er denne delen eg møtte den kvelden med Den engelske Los. Menneske som arbeidde med teksten. Studerte den. Lærte den utanåt. Fekk teksten under huden.

Desse gruppene blei etterkvart kalla suttunggrupper. Suttungnamnet kjem frå norrønt. Suttung skjenker ein mjød som gjer kvar den som drikk til skald eller lærdomsmann.

Eg er glad i teater i dei vanlege teaterhusa, men må innrømme at det er sjeldan eg får så sterke opplevingar som eg fekk då eg reiste frå Oslo til Tangen på 1980-talet for å sitje på ein vond pinnestol i mange timar og oppleve teater med amatørane i Suttungteateret. Dei lærte meg å bruke heile meg når eg lyttar og ser det som foregår på scena. Ta i mot. Forstå, undre, la orda synke inn. 

Del III av boka handlar om kunsten å lese. Vi blir nærmare kjent med lesemetoden Ingeborg Refling Hagen brukte. Det er unge røyster som fortel om sine barne- og ungdomsopplevingar av litteraturarbeid på suttungvis. Journalisten Marte Spurkland fortel om korleis ho opplevde det å vere barn i Ekeberg suttung:

Å skjønne teksten. Hva er nå det? Jeg husker at Anne Jorunn forklarte og forklarte. Ord for ord, setning for setning, gjennom dikt, sanger og skuespill. Når vi likevel ikke skjønte, var dette trøsten: Ordene flyttet inn i oss. De ble lagret der inne. En gang i fremtiden vil de komme til overflaten igjen, stå tindrende klare i bevisstheten og gi mening. Når vi bare hadde fått erfaringene som trengtes, hadde gjort refleksjonene som trengtes, når ordene hadde modnet i oss mens vi selv modnet som mennesker.

Kunsten å lese sjølv om ikkje teksten ligg heilt klart oppe i dagen. Stole på forfattaren. Det tok eg med meg i møtet med lesemetoden. Å lytte mens eg las,

Boka fortel òg om ein vilje til å stå fast på det ho meinte var rett. Sjølv om det gjorde henne upopulær. Ho var ikkje enkel å plassere i bås. Oddvar Norli, Hans Børli og Alf Prøysen er blant dei som takkar henne for at ho gjorde dei stolte av bakgrunnen sin. Arne Skouen som ikkje vågde å snakke med henne. Ketil Bjørnstad som kjente på styrken frå henne. 

Ein seier om Arne Garborg at han var europear og jærbu. Ingeborg Refling Hagen har røtene sine langt nedi Hedmarken og vidsyn langt ut over landegrensene. Her går Dickens, Dante, Shakespeare, Homer, Ibsen og mange andre sine litterære personar blant bygdetullingar, møllarar, sladderkjerringar, lesarar og ungar på Hedmarken.

Boka Det brenner en ild. Ingeborg Refling Hagen. Dikter formidler og aktivist var inspirerande lesing. Ho gav meg lyst til å leite fram klassikarane igjen. Forske på nytt. Og ho minna meg på kunsten å lese. Og så fekk eg det så travelt. Det er så mykje eg ikkje har lese og som eg skulle ha lært å kjenne skikkeleg før eg dør. Det er eigentleg ei god kjensle.

Berit Tversland (red) 



---
Forfattar: Berit Tversland (red.)
Tittel: Det brenner en ild. Ingeborg Refling Hagen dikter formidler og aktivist
Forlag: Aschehoug (og kulturhuset Fredheim)
År: 2020

Kommentarer