Det som gjer oss til menneske og ikkje ein lort. Småting som dette

 

I Kiellandforedrag 2022 sa Karl Ove Knausgård at han hadde lese ei bok i år som gjorde ekstra sterkt inntrykk på han. Forfattaren var ukjent for han. For meg var ho kjent. Eg hadde nyleg oppdaga henne. Og kjente alt då at eg måtte lese meir av henne. Claire Keegan. Boka eg har lese før er Tre lys. Etter foredraget bestilte eg Småting som dette på biblioteket. Og no var det min tur til å lese.

Dette er, som Tre lys, ein liten roman med stort innhald. Undervegs blei eg sitjande stille og la bileta ho skreiv fram, synke i meg. Det var ei kjensle av undergang, men samstundes ei tru på håpet.

Knausgård viste korleis forfattaren med få ord gir oss det store og det vesle bilete.

Første avsnitt opnar heile verda. Det er november. Det er rørsle. Vind, røyk, drivande elv. Trea er avkledde, røyken tung og elva mørk som stout.

I andre avsnitt møter vi menneska. Dei blir styrt av dei ytre kreftene, Bit tennene saman og prøver å mette familien. Nokre har mista jobben. Andre har jobb, men tener lite. 

I tredje avsnitt møter vi Bill Furlong. Og det er gjennom han vi ser landsbyen vidare. Gjennom blikket, handlingane, orda og tankane hans. Han er kolhandlar, familiefar med fem døtre. Dei har hus, mat og varme, men elles har dei lite å rutte med. Furlong har lange dagar på jobb for å få det til å gå i hop. Han er bekymra for døtrene. Dette er i det katolske Irland i 1985. Tenk om døtrene ikkje greier seg? Tenk om ei av dei blir gravid utanfor ekteskapet?

Det er rykte om at det ikkje bare er fromme nonner med stor omsorg for jenter i ulukka som bur i klosteret like ved. Men kva veit ein. Og er det ikkje best å passe på å halde sin eigen sti rein? 

Den siste turen på julaftan går til nonneklosteret. Her møter han eit menneske som virvlar opp hans eigen barndom og oppvekst. Han blir stilt overfor eit moralsk dilemma. Skal han sikre familien eller lytte til eige samvit?

Dette er ein roman om det gode. Men det gode er flyktig. Ein tanke her og der. Svakt flakkande. Dei  snakkar ikkje om det gode, men det ligg der under teksten.

Boka er så lita. Og boka er sterk. Gjennom dei små ting ser vi mennesket. Det som flyttar verda framover. På sin måte. Som Jonatan i Astrid Lindgrens bok om Brødrene Løvehjerte sa det: Men då sa Jonatan att det fanns saker som man måste göra, även om det var farligt. "Varför då" undrade jag. "Annars är man ingen människa utan bara en liten lort". Det er akkurat det.

Dette er ein roman. Magdalene-vaskeriene blir ikkje nemnt i sjølve fortellinga, men forfattaren skriv om det i ein kommentar i boka. Og gir oss eit hint på første side. Den katolske kyrkja (med velsigning av staten) som utnytta såkalla falne kvinner til tvangsarbeid på desse vaskeria. Det første starta i Dublin i 1767 og det siste blei stengt i Dublin i1996. I 2013 bad den irske staten om unnskyldning. Då hadde kanskje 30.000 kvinner fått liva sine øydelagt av dei som skulle redde dei. Kor mange spebarn som døydde eller blei seldt til rike folk, veit ein ikkje.

---

Forfattar: Claire Keegan
Tittel: Småting som dette (Small Things like These)
Omsett til bokmål frå engelsk av Merete Alfsen
År: 2021
Forlag: Aschehoug
Sider: ca 100.
Bok lånt på biblioteket



Kommentarer