Tre lys

 

Ein eller annan stad hadde eg sikkert lese om denne boka. Eg hugsa ikkje. Forfattaren var ukjent. Men eg hadde altså sett meg på ventelista for boka på biblioteket. Og no, lenge etterpå var det min tur.

Eg hadde aldri høyrt om Claire Keegan. Det viser seg å vere ei av dei store nålevande irske forfattarane. Denne vesle boka, som på norsk har fått tittelen "Tre lys" heiter på engelsk "Foster". 

Boka startar med ein biltur. Ein far kjører bil og i baksetet er ho som gjev oss augo og stemme til historia. Dei kjører ikkje heim, men til mor si søster. Her blir jenta sett av. Far tar i mot gåver (mat) frå svigerinne og svoger,  men gløymer å levere veska med kleda til jenta før han kjører. Der står ho. Utan søskena sine. Utan foreldra sine. Og skal bu  hjå herr og fru Kinsella.

Ingenting i boka blir sett med vaksne auge. Vi får replikkane deira og jenta si oppleving av dei. Dette gjer det ekstra sterkt. Vi kjenner, som ho, at her er noko, men vi veit ikkje meir enn henne. Viss vi ikkje greier å tolke dei små setningane som vaksne og ikkje som eit barn.

Det er ikkje eit einaste unødvendig ord i boka, trur eg. Eg veit at eg vil finne fleire nøklar ved neste gongs lesing. Etter førstegonglesing er eg blitt veldig glad i jenta, i Edna og Kinsella. Her blir så mykje sagt med veldig få ord. Jenta opplever omsorg og varme. Ho begynner å blomstre. Så skal ho reise heim igjen. Kan ho fortsette og blomstre der? Har nokon tid til å lese med henne? Vise henne havet? Løfte henne?

Hendene hennes er som mors hender, men det er noe annet i dem også, noe jeg aldri har kjent før og ikke har noe navn for. Jeg savner ord, men dette er et nytt sted, og her trengs nye ord.

Då eg hadde lese slutten, måtte eg lese den om igjen og om igjen. Kva var på veg til å skje? Eigentleg?

Dette er ei lita bok. 80 sider. Kanskje nærmare ei lang novelle enn ein roman. Det er ein roman som verkeleg tar tak i meg. I si vesle, store form.

Eg tilrår.

---

Tittel: Tre lys (Foster)
Forfattar: Claire Keegan
Omsett til norsk av Meret Alfsen
År: 2022 ( 2010 på originalspråket)
Forlag: Aschehoug
Sider: 79.
Lånt på biblioteket