Silas Marner -for ei fin bok!

 

George Eliot er mest kjent for Middlemarch, men dette er òg ein klassikar - og for ein skatt det er!

Skald forlag kan kunsten å finne fram klassiske skattar og binde dei inn på ein måte som gjer dei til ein endå større skatt. Og her altså boka om vevaren frå Raveloe - Silas Marner.

Vi er i England i starten av den industrielle revolusjonen. Vi er på landsbygda og skiljet mellom fattig og rik er stor. Vi møter dei rike, dei fattige, dei som klarar seg sånn passe, dei som er utanfor. 

Silas Marner er vevar og det er framleis behov for han sjølv om mykje går over til industriprodusert vevnad. Men han er utanfor. Han høyrer ikkje til i Raveloe. Han er ikkje ein av dei. Og så held han seg mest for seg sjølv. Vi får vite at han urettmessig blei skulda for tjuveri og det er difor han hamna i Raveloe. Her arbeider han hardt og sparer kvar mynt. Men då han opplever at alle pengane blir stole, mister han livsgnisten. Men no når bygdefolket meir inn på han. Endeleg kan dei synast synd på, ta litt vare på og trøyste.

Ein vinterkveld dukkar eit lite barn opp i huset hans. Dette endrar livet hans og livet til fleire andre i landsbyen. 

Historia er nydeleg og verkeleg verd å bruke tid på. Eg tilrår!

Flaksen er guden til alle menn som følgjer sine eigne innfall i staden for eit prinsipp dei trur på.

George Eliot heiter eigentleg Mary Ann Evans (1819-1880). Denne boka kom ut i 1861.

Boka er omsett av Øystein Vidnes. For å markere folkemålet i kontrast til dei kondisjonerte, bruker han sunnhordalandsk. Det fungerer veldig bra.

---

Tittel: Silas Marner -  vevaren frå Raveloe
Forfattar: George Eliot
År:  2025 (original 1861)
Omsett av: Øystein Vidnes
Forlag: Skald (klassikarserien)