Det du aldri seier

 

Det er ei ekstra glede å gå heim frå biblioteket med ei ny bok av Elizabeth Strout. Eg har ledd og sukka over Olive Kitteridge. Kjent einsemda til Lucy Barton i magen. Levd med dei og folka rundt dei. Elizabeth Strout kjenner menneskesinnet og skriv så godt om det at eg ber med meg personane vidare. Som vener eg har møtt på min veg. Og som lærte meg meir om meg sjølv og om livet.

I den nyaste boka møter vi Artie Dam. Han er ein dyktig historielektor og ein mann som både ser og lyttar til elevane, familien og venene sine. Men han kjenner seg så tom. Var det dette?

Hvorfor sier aldri folk noe ekte?

Artie undrar seg over om vi har fri vilje, eller blir det bare slik det blir? Ein løyndom som har vore skjult for Artie i mange år, får han brått vite om. Dette endrar han. Fyller han på ein annan måte. Han gjer ting han ikkje hadde trudd at han kom til å gjere. Han blir eldre. Og sliten. Var han blitt vaksen?

....han hadde oversett dette om hvert enkelt menneske: at de bærer i seg et vidstrakt univers som ingen noensinne vil kjenne. Og han skjønte at det kunne gjøre et menneske ensomt: folk måtte ta og gi til hverandre det de kunne. Hvis ikke det var nok... Vel da måtte man være voksen

Handlinga i boka startar rett før valet i USA i 2024. Valet bekymrar Artie og menneska rundt han. Han får seinare erfare at resultatet av valet påverkar jobben hans. Korleis skal vi leve i ei verd som er så full av vonde ord vi kastar mot kvarandre? Kanskje er vegen å vise at vi er lyttande og deltakande? At vi ser mennesket? At vi har respekt for dei vi er ueinige med? Artie lyttar og prøver å forstå.

Boka er lågmælt og nær om det å vere menneske. Om venskap, foreldrerolla, einsemd og det å vere sann. I ei tid der så mykje går feil veg.

Steinar Brandslet i Stavanger Aftenblad syntes boka var nær fullkommen og sjeldan. Han gav ho ein seksar. Eg kan vere einig. Den einaste feilen var at eg blei så fort ferdig med å lese. Men eg kan jo starte på nytt. 

Vi lever alle med en diger blindflekk for øyet, på den måten at uansett hva vi tror vi vet, kan vi aldri fullt ut skjønne hvordan vi framstår for andre. 

 Eg tilrår! 

----

Tittel: Det vi aldri sier (The things we never say)
Forfattar: Elizabeth Strout
Omsett frå engelsk av: Hilde Rød-Larsen
År: 2026
Forlag: Press

Kommentarer