Gaute Heivoll skriv ofte om personar som bur i eller er frå bygder i indre Agder. Det er lett å bli glad i desse smålåtne menneska som lever midt i kvardagen.
I Himmelens krystall møter vi Tomas. Han går den same ruta med post kvar dag. Når vi møter han, opplever han for første og einaste gong at han blir fotografert. Dette er i 1911. Tomas er fødd i 1873. Det er ei tid utan elektrisk straum og bilar. Han lever altså i ei tid der det gamle blir erstatta av det nye.
Boka gir oss livet til Tomas. Han er den yngste av to brør. Forsiktig, einsam, blyg. Då storebroren døyr, er det ikkje aktuelt at han skal overta garden. Ingen reknar med at han er sterk og dyktig nok. Ikkje har han draget på jentene heller. Heldigvis kan han gå med posten. Og det gjer han på skikkeleg vis. Heile livet bur han på Heivoll. Han er einsam, men blir sett av nokre av sambygdingane sine. Læraren. Kvinner han leverer posten til. Men dei fleste veit lite om han. For han snakkar lite. Men i det indre er det eit rikt liv. Ein mann som ser og er var for det som skjer i rundt han.
Av og til tenkjer han på biletet. Han står saman med elevane på skolen. Heng bilete ein stad? Er det kanskje i Amerika? Kven vil han vere viss han får sett det?
Boka har varme og vonde skildringar av kor vanskeleg det er å nå inn til kvarandre. Få sagt dei rette orda. Vere der for kvarandre. Forstå kvarandre. Kor einsame vi alle er, innerst inne. Eg blei veldig glad i Tomas. Ein kvardagsslitar og kvardagshelt. Ein som blir verande i hjarta lenge. Og vi får eit levande bilete på livet i Noreg i byrjinga av 1900-talet. Ikkje livet i byen, men på bygda.
Ei varm, var bok som eg tilrår!
Uro for framtiden og pengeknapphet til tross, det var som om livet viste seg for ham i all sin rikdom og fylde i denne tiden. Som førtifireåring oppdaget han at han ennå var fullt i stand til å gjenskape følelsen av barndommens mystikk og magi, ja, endatil små, blanke øyeblikk av lykke.
Boka vann "Lytternes romanpris 2025" (NRK).
------
Forfattar: Gaute Heivoll
Språk: Norsk bokmål
Forlag: Tiden
År: 2025
