Eit eg som er større enn meg?

Eigentleg les eg ei heilt anna bok, men via den hamna eg borti denne boka med eit utval av Stein Mehren (1935-2017) sine essay. Mange kjenner Mehren som lyrikar og ikkje essayisten. Då har du interessante timar framfor deg.

Det essayet eg fann fram til, er "I eksil i min egen tid. Skisser til en roman jeg aldri vil skrive." (2004). Det er det første i boka Her har du mitt liv

Mehren fortel om ein barndom som "var en lang rekke lysende øyeblikk avbrutt av forferdelige kriser". Då han var vel 3 år hengte faren seg. Vi får glimt av kva det skapte i forfattaren i diktet "Far, din dødslengsel"
Mor var ei blanding av nærleik og avstand. Ho ville eige barnet og samstundes sende det bort.
Mehren får godt fram kampen for å bli fri slekta og samstundes kjenne at det var ein illusjon. "En slekt er en dør som går i vranglås i oss, akkurat idet vi skal stikke av."
Vi får vite om samanbrot, utfordringar med å gjere ferdig studier, halde på arbeid og leiting etter å finne si eiga form. Han blir kritisert av kulturradikale og kulturkonservative. I ei tid der han opplever at vi har eit reduksjonistisk menneskebilete, forsøker han å kreve eit eg av oss. Vi er større enn det vi ser. "Jeg forsøker å tvinge oss ut av våre posisjoner i mote og miljø, i ideologi og livsanskuelse, for å kreve et jeg av oss"

Biletet på framsida av boka er laga av biletkunstnaren Stein Mehren. I essayet grublar han over forskjellen på å skape bilete og å skape ord. Det eine er omforming av visuell energi. Det andre er omforming av andeleg energi.

Mange av oss kjenner fleire av kjærleiksdikta til Mehren. Han innrømmer at han har skrive om kjærleikssorg og kjærleikslukke nok til fleire liv i dikta sine. Men dei kan lesast som metaforar for tapsopplevingar, tap av kjensler, familie osb. Kvifor ikkje synge "Jeg holder ditt hode" som ei salme? Ei skapingssoge?

Har den kvinnelege tankeforma med si tendensar til å sosialisere kjenslelivet, gjort at det offentlege slapp laus på det som skulle vere privat? Terapikultur. Undertrykker det maskuliniteten i mannen? Menn og kvinner treng kvarandre og burde ha eit ansvar for kvarandre si tankeform. Ikkje for at mann skulle bli kvinne og motsett, men for å sleppe kvarandre fram. I det siste essayet i dette utvalet finn vi. "Det forseglede budskap" (1992). Her går han nærmare inn i desse tankane.  Mehren er sikker på at manne er like undertrykt som kvinna i dag, men ikkje på den brutale måten som kvinner kan bli.

I alt dette:  "..jeg vet at innenfor det livet i meg som bare leves, ja innenfor alt det jeg er, er jeg en annen, en som bærer det livet jeg lever. En som bestemmer graden av virkelighet som det skal leves med"

Eit essay til ettertanke og lange samtalar.
----

 Vi reiste engang katedralene
                ikke for å fange mennesker
men for å holde våre liv fast
                        i overskridelsens gåter
I rosevinduet, i lyset katarakt
                gjennom et fast stoff, glasset
ser vi inkarnasjonen gjennomtrenge
kimenes sovende bilder for å bli
                Strå og Blomst, Tre og Fugl!

Utdrag frå "Rosevinduet"


---
Tittel: Her har du mitt liv
Forfattar: Stein Mehren (redaktør av utvalet: Eivind Tjønneland)
År: 2017
Forlag: Aschehoug

Kommentarer